OBS! Søknadsfristen har no gått ut.  


Vil du bli valmedarbeidar?

I samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 søkjer Alver kommune etter valmedarbeidarar på valdagen, måndag 9. september.

Er du serviceinnstilt, nøyaktig, har grunnleggjande PC-kompetanse og kan jobbe heile valdagen? Då kan ei stilling som valmedarbeidar vere noko for deg!

Det vert utbetalt godtgjersle med kr. 2000,- for teneste på valdagen.

I samband med opplæring/kurs er det ei timegodtgjersle på kr. 300,-

Arbeidsoppgåver

Vakt- og rettleiingsfunksjonar, avkryssing i elektronisk manntall og røystemottak.

 

Krav til valmedarbeidarar

Du må:

  • fylle minimum 18 år i løpet av 2019
  • ha generell PC-kompetanse (vi nyttar elektronisk valadministrasjonssystem, EVA med elektronisk ID)
  • ta del i den obligatoriske opplæringa
  • ha fungerande elektronisk ID for å logge inn i EVA under den obligatoriske opplæringa og på valdagen
  • kunne møte opp på valdagen i krinsen du vert tildelt før vallokalet opnar og vere i vallokalet til arbeidet er avslutta
  • meistre norsk skriftleg og munnleg
  • vere effektiv, systematisk, nøyaktig og serviceinnstilt

Du kan ikkje stå på valliste i Alver kommune til kommunestyrevalet eller i Vestland fylke til fylkestingsvalet 2019

 

Slik søkjer du

OBS: Søknadsfristen gjekk ut 23. juni.

 

Krinsar og vallokale

Alle røystekrinsar har ope måndag 9. september kl. 12.00 – 20.00.

Kommunane Radøy, Meland og Lindås samarbeider om gjennomføring av det første Alver-valet.

Du vert tildelt eit av fylgjande vallokale (du kan kome med ynskje i søknaden).

1.      Ostereidet

Idrettsbygget Ostereidet

2.      Kløvheim

Kløvheim skule

3.      Myking

Myking skule

4.      Eikanger

Eikanger skule

5.      Feste

Myksvoll grendahus

6.      Skodvin

Skodvin Montessori skule

7.      Lindås

Lindås barneskule

8.      Leiknes

Leiknes skule

9.      Alversund

Alversund skule

10.   Seim

Seim skule

11.   Knarvik

Knarvik barneskule

12.   Flatøy

Flatøy skulehus

13.   Vestbygd

Vestbygd skule

14.   Sagstad

Meland Aktiv

15.   Grasdal

Grasdal skule

16.   Rossland

Rossland skule

17.   Husebø

Nordavinden (tidl.Husebø bedehus)

18.   Sæbø

Sæbø skule

19.   Manger

Radøyhallen

20.   Hordabø

Hordabø skule

21.   Austebygd

Austebygd skule

Har du spørsmål?

Ta kontakt med ansvarleg for gjennomføring av valet i Alver:

Tove Mette Fyllingen

E-post: ftm@lindas.kommune.no

Tlf: 474 64 145

Close Menu