Val 2019

9. september er det kommunestyre- og fylkestingsval. Representantar til det første kommunestyret i Alver skal veljast.

Lindås, Radøy og Meland samarbeider om gjennomføringa av valet.  

 

Vi søkjer etter valmedarbeidarar! 

Klikk her for å lese meir om stillinga og søkje.

  • Desse stiller til val
  • Slik røyster du

Kommune

11 politiske parti/lister stiller til val i Alver kommune.

  • Arbeidarpartiet
  • Folkeaksjonen Nei til meir bompengar
  • Framstegspartiet
  • Høgre
  • Kristeleg Folkeparti
  • Miljøpartiet Dei Grøne
  • Partiet Dei Kristne
  • Raudt
  • Senterpartiet
  • Sosialistisk Venstreparti
  • Venstre

29. mai godkjente valstyret i Alver kommune listene.

Klikk her for å komme til oversikta over alle listekandidatane i Alver.

 

Fylkeskommune

Det skal også veljast representantar til Vestland fylke.

Her finn du meir informasjon om fylkestingsvalet og dei 17 partia som stiller liste. 

Du kan førehandsrøyste eller røyste på valdagen 9. september.

I desse vallokala kan du stemme på valdagen:

1.      OstereidetIdrettsbygget Ostereidet
2.      KløvheimKløvheim skule
3.      MykingMyking skule
4.      EikangerEikanger skule
5.      FesteMyksvoll grendahus
6.      SkodvinSkodvin Montessori skule
7.      LindåsLindåshallen
8.      LeiknesLeiknes skule
9.      AlversundAlversund skule
10.   SeimSeim skule
11.   KnarvikKnarvik barneskule
12.   FlatøyFlatøy skulehus
13.   VestbygdVestbygd skule
14.   SagstadMeland Aktiv
15.   GrasdalGrasdal skule
16.   RosslandRossland skule
17.   HusebøNordavinden (tidl.Husebø bedehus)
18.   SæbøSæbø skule
19.   MangerRadøyhallen
20.   HordabøHordabø skule
21.   AustebygdAustebygd skule

Står du i manntalet i Lindås, Meland eller Radøy er det akkurat det same kva vallokale internt i Alver du stemmer i.

På valdagen er lokala opne frå 12.00 til 20.00.

(OBS: Tidlegare hadde vi skrive at vallokalet på Lindås var Lindås barneskule. Det rette lokalet er Lindåshallen. Vi beklagar feilen.)

Røysting før valdagen

  • Tidlegrøysting
  • Førehandsrøysting
  • På institusjonane
  • Røyste heime

Dersom du er forhindra frå å røyste i den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje kan røyste på valdagen, kan du førehandsrøyste innanlands alt frå måndag 01.07.19 til og med onsdag 09.08.19.

Kven kan tidlegrøyste?

Ordninga gjeld alle veljarar, men er meint som ei ordning for dei som ikkje har anledning til å røyste på førehand innanfor ordinær periode eller på valdagen. Det vert ikkje kravd at veljaren må dokumentere at han eller ho ikkje har anledning til å førehandsrøyste eller til å røyste på valdagen.

Vi gjer merksam på at ved tidlegsrøysting er dei ordinære røystesetlane ikkje klare. Røystesetlane som vert brukt ved tidlegrøysting inneheld berre namn på alle registrerte politiske parti i Noreg. Dersom du ønskjer å røyste på eit parti/gruppe som ikkje står på setelen så skriv du namnet på partiet/gruppa i det blanke feltet på setelen.

Kor kan du tidlegrøyste?

Ved rådhusa på Manger, Frekhaug og i Knarvik kan du tidlegrøyste.

Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort eller liknande).

Perioden for førehandsrøysting varer frå 12.08.19 til og med 06.09.19.

Kven kan førehandsrøyste?

Alle veljarar!

Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er innført i folkeregisteret, må du gjere dette tidleg. Røysta må nå fram til heimstadkommunen din innan valdagen, gjennom posten. 

Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort eller liknande) og gjerne valkortet du får tilsend i posten. Å ta med valkort er ikkje noko krav, men det lettar arbeidet for valmedarbeidarane.

Røystestadar og opningstider for førehandsrøysting

Her kan du førehandsrøyste:

  • Rådhuset Frekhaug
  • Rådhuset Manger
  • Rådhuset Knarvik
  • Lindås folkeboksamling i Knarvik (biblioteket)
  • Lindås filial, Lindåshallen (biblioteket)

Klokkeslett kjem.

Mottak av førehandsrøyster vert på fylgjande institusjonar i veke 36:

 

  • Velferdssenteret/omsorgsbustadene og Radøy interkommunale busenter (RIB)
  • Meland sjukeheim
  • Lindås- bu og service
  • Knarvik sjukeheim
  • Ostertunet

 

Dato og klokkeslett kjem.

Veljarar som av helsemessige og liknande årsaker ikkje kan førehandsrøyste eller røyste på valdagen 9. september, kan be om å få røyste heime (ambulerande røysting). 

Valfunksjonærane vil då oppsøkje veljaren privat.

Ta kontakt

Dei som av desse grunnane ønskjer å røyste heime, kan ta kontakt med oss:

Radøy rådhus: 56 34 90 00, postmottak@radoy.kommune.no
Meland rådhus: 56 17 10 00, postmottak@meland.kommune.no
Lindås rådhus: 56 37 50 00, postmottak@lindas.kommune.no  

Eller sende brev til:

Valstyret i Alver kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø

Frist for å melde behov for heimerøysting er sett til tysdag 3. september.

Vanlege spørsmål

For å kunne røyste, må du ha røysterett.

Du har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet dersom du oppfyller eitt av desse krava:

  • Du er norsk statsborgar og har fylt 18 år innan utgangen av 2019 og er, eller har vore, registrert busett i Norge.
  • Du er statsborgar i eit anna nordisk land (Danmark, Island, Finland eller Sverige), har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og har vore registrert busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.
  • Du er utanlandsk statsborgar (utanom Norden) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, har vore registrert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen. I dette tilfellet er det eit krav at butida har vore samanhengande.

Det vert stilt forskjellige krav til røysterett i Noreg, avhengig av om det er stortingsval eller kommunestyre- og fylkestingsval. Den største forskjellen er at også utanlandske statsborgarar har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg, dersom dei har budd i landet over noko tid.

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må veljaren vere registrert i manntalet i ein kommune. Valstyret er ansvarleg for at det vert ført manntal over alle personar med røysterett i kommunen.

Folkeregisteret er grunnlaget for manntalet.

30. juni er datoen

Veljaren er manntalsført i den kommune ho/han var folkeregisterført som busett 30.juni i valåret. Dersom du har meldt flytting til ein annan kommune etter 30.juni, er du manntalsførd i den kommunen du flytta frå.

Kan eg sjekke om eg står i manntalet?

Valstyret i Alver har gjort vedtak om at manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn i rådhuset i Meland, biblioteket Rossland og Frekhaug, rådhuset Manger, biblioteket Manger, biblioteket Knarvik, Kiwi Lindås, Rema 1000 Ostereidet og rådhuset Knarvik, så snart som mogeleg etter 30.juni, og fram til og med valdagen.

I lokalval vert det vald representantar som skal sitte i kommunestyra og fylkestinga.

Ansvarsområde

Representantane i kommunestyret bestemmer over politikken i kvar kommune. Dei har mellom anna ansvar for grunnskule og eldreomsorg i sin kommune. Representantane i fylkestinget har ansvaret for noko av politikken i kvart fylke, for eksempel pengane til vidaregåande skule.

Partiprogram

Politikarane som vert valde er oftast medlemer av eit politisk parti. Kven som skal stå på lista til dei forskjellige partia, er det deltakarane på partia sine nominasjonsmøte som avgjer. Partia har partiprogram som fortel kva dei meiner. Politikarane føl partiprogrammet til det partiet dei er medlem av.

Før val er det valkamp. Då deler partia ut informasjon og fortel kva dei ønskjer å gjere dersom dei får mange nok røyster. Du røyster på lister med kandidatar frå dei enkelte partia, og kan røyste på kva parti du vil.

Det er kommunen som tek imot førehandsrøyster, og du kan førehandsrøyste i kva for ein kommune du ønskjer. Røysta vert då sendt til heimkommunen din.

På sjølve valdagen kan du berre røyste i heimkommunen din. Du kan ikkje røyste på nytt på valdagen dersom du har røysta på førehand. Du kan heller ikkje førehandsrøyste fleire ganger.

Vi nyttar elektronisk registrering i manntalet i det første Alver-valet.

Lurer du på noko om valgjennomføringa?

Ta kontakt med ansvarleg for gjennomføring av valet i Alver:

Tove Mette Fyllingen

E-post: ftm@lindas.kommune.no

Tlf: 474 64 145

Close Menu