Spørsmål/svar

For innbyggjarar

Målet er at eit større og styrka fagmiljø skal gi betre tenester til deg som innbyggjar. Vi vil også i den nye kommunen strebe etter å gi stadig betre service, og løysingar som gjer kvardagen din som innbyggjar i Alver enklare.

Alle kommunale gebyr blir samordna og like for innbyggjarane i Alver kommune. Kommunestyret i Alver gjer vedtak om dette i desember 2019.

Du får all informasjon om arbeidet med å etablere nye Alver kommune på www.alverkommune.no.
Du finn også informasjon på sosiale medium. Følg oss på Facebook.

Har du spørsmål om bygginga av Alver? Send oss gjerne ei melding i kontaktskjemaet nedst på sida.

For tilsette

Organisasjonsprosjekta til kvart tenesteområde skal vere avklart til sommaren 2019. Målet er at kontorkabalen skal vere klar i fyrste halvår 2019, men mange kan få beskjed tidlegare.

Etter drøfting med hovudtillitsvalt i juni 2018 blei det bestemt at kvar av skulane (med unntak av vaksenopplæringa) og barnehagane i dei tre kommunane, Nordhordland legevakt, Nordhordland kemnerkontor og Radøy interkommunale butilbod, blir overførte som samla einingar (slik dei er i dag) til den nye kommunen.

Omstillingsavtalen seier at alle tilsette i dei tre kommunane er sikra jobb og same løn etter overgangen til Alver kommune. Enkelte tilsette kan få endra oppgåver, men dette vil bli informert om i god tid.

I perioden fram mot 1. januar 2020 vil vi drifte dei tre kommunane som normalt. Tenesteområda blir vidareutvikla i tråd med dei vedtak som allereie er, og vil bli, fatta.

Den sentrale tariffavtalen mellom KS og hovudsamanslutninga gjeld også i den nye kommunen. Du har og rett til å behalde dei personlege løns- og arbeidsvilkåra dine. Overføringa av arbeidstilhøvet til den nye kommunen inneber derfor ingen endringar i dine rettar og plikter som tilsett i Radøy, Meland eller Lindås.

Dei hovudtillitsvalde og verneombodet er dei tilsette sine representantar og skal ivareta dine interesser. Lurar du på noko, kan du ta kontakt med din plasstillitsvalt eller ditt verneombod.

Din næraste leiar skal også ha oppdatert informasjon om kva som skjer når, og kan svare på spørsmål som handlar om deg og dine rettar.

Fellesnemnda og partssamansett utval vil utarbeide ein eigen omstillingsrettleiar i samband med overgangen til Alver kommune. Denne kan du få meir informasjon om når rettleiaren er klar.

Vi har samla informasjon om Alver på intranetta til dei tre kommunane. Du kan også lese om byggjinga av Alver kommune på www.alverkommune.no.

Elles kan du få informasjon direkte frå din næraste leiar, frå tillitsvalde eller verneombod. I tillegg vil vi dele jamlege nyheitsbrev fram mot overgangen 1. januar 2020.

Close Menu