Prioriterer dei tilsette

ørjan mfl
INFORMASJON: Ørjan Raknes Forthun seier det viktigaste no er å gje dei tilsette god informasjon om det som skjer i prosessen med Alver kommune.

– Det viktigaste no er å gje god informasjon til alle våre tilsette, seier Ørjan Raknes Forthun.

Fellesnemnda vedtok måndag samrøystes kommunikasjonsstrategi for programperioden med tiltaksdel for perioden juni 2018 til juni 2020.
– Hovudmålet med kommunikasjonsstrategien er å dreie fokus frå organisasjon til kvar enkelt leiar, kvar enkelt tilsett, kvar enkelt tillitsvalt og kvar enkelt politikar. Å lukkast med store endringsprosessar handlar berre 20 % om struktur. 80 % av innsatsen bør gå til arbeid med kultur, verdiar og haldningar, påpeikar Raknes Forthun. Han seier næraste leiar er den aller viktigaste kanalen for å nå tilsette med viktig informasjon.

Tidleg fase

Marit Jøssang (KrF) er opptatt av å få ut informasjon til innbyggarane så tidleg som mogleg.
– Det kunne vore lurt å varsla om at det kjem informasjonsbrosjyre på eit gitt tidspunkt. I tillegg kan me informera om kva me jobbar med, og at dette med konsekvensar for den enkelte kjem etter kvart, seier ho.
– No har vi fokus på god informasjon til alle våre tilsette, slik at dei er gode ambassadørar for prosessen som skjer i Alver. Folk er opptatt av konsekvensar for seg og sitt, og det veit vi ikkje konkret enno. Vi vil gje innbyggarane meir målretta informasjon når vi veit. Det siste halve året er den viktigaste fasen, seier Raknes Forthun. Han legg til at utfordringa er å nå fram til innbyggarane så lenge ein ikkje har noko konkret å komma med.

Ut til folket

– Eg vil gjerne at vi bruker lag og organisasjonar til ekstern informasjon. Eg vert som ordførar beden å komma og informera. Er det mogleg å få laga ein mal som me kunne brukt til dette, spør Astrid Aarhus Byrknes (KrF). Ho presiserer at intern kommunikasjon må vera på agendaen på alle møte i Lindås, Meland og Radøy i tida framover.

Andre saker i fellesnemnda 4. juni:

  • Fellesnemnda vart orientert om nødvendige justeringar i budsjettet for prosjektperioden, der mellom anna posten til IKT og digitalisering er auka frå 7 til nær 21 millionar. Framleis er det stor usikkerheit knytt til posten.
    -Vi ønskjer å vera så forsiktig som vi kan no og styra inn mot eit litt sikrare budsjett fram mot jul seier Raknes Forthun.
  • Av tildelte KMD-midlar fordeler fellesnemnda følgjande beløp til planlegging av desse prosjekta:
    Alversund bru – kr 600.000. Midlane blir overført til Lindås kommune som ein del av planleggingsprosjektet for Alversund bru.
    Landsvik – Moldekleiv og tilførselsvegar på Radøy – kr 1 mill. Meland kommune følgjer opp desse prosjekta vidare.
  • Fellesnemnda godkjenner prosjektmandatet for prosjektet «Næringsutvikling i Alver kommune – kartlegging av behov og aktørar». Næringssjefane og andre som har kompetanse på området skal involverast i denne kartlegginga.
  • Prosjektmandat arbeidsgjevarpolitikk vart vedteke i fellesnemnda i desember 2017. No er det gjort ei endring i forhold til framdrift, der prosjektet vil utarbeida ein meir detaljert framdriftsplan.
  • Programansvarleg orienterte vidare om at ein er komen langt i prosessen med innplassering av tenesteleiarar.
    – Når vi gjer innplassering handlar det om kva stilling som kvalifiserer til posisjonen i Alver kommune. Sjølv om vi tar ekstern utlysing, kan det vera interne kandidatar som er godt kvalifiserte. Det vil vi orientera om i organisasjonen, seier han.
  • Når det gjeld DigiAlver er det vedtatt å gå ut på anbod i forhold til elektronisk pasientjournal. Ei svært krevjande oppgåve.
    – Vi har dialog med dei andre nordhordlandskommunane, og ønskjer framleis å dra nytte av dei effektane vi har i fellesskapet, seier Ørjan Raknes Forthun.

AV: Randi Bjørlo