Politikk

Kommunane Lindås, Meland og Radøy eksisterer heilt fram til 31.12.2019.

1. januar blir vi offisielt Alver kommune. 

Politikarane som er valde inn i Alver skal ha sitt første møte 17. oktober. Her blir Alver sin nye ordførar vald. Kommunestyret i Alver kan berre gjere vedtak som gjeld frå 01.01.2020. Deira vedtak har med andre ord ikkje verknad i 2019. Budsjettet for Alver i 2020 skal for eksempel bli vedtatt av det nye kommunestyret.

Det vil bli økter med folkevaldopplæring for dei nye politikarane i samband med kommunestyremøta før jul.

Dette er dei 47 folkevalde alverbuane som skal sitje i Alver sitt første kommunestyre.

Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (10):

Morten Klemetsen

Terje Sletten-Hansen

Yngve Walaker

Thore Helland

Maria Færø

Hege N. Dale

Heine Fyllingsnes

Svein Hagesæter

Harald Breivik

Ståle Hopland

Senterpartiet (8):

Jon Askeland

Sara Hamre Sekkingstad

Jostein Helgesen Hellestveit

Liv Hopland Van der Kooij

May-Irene Wergeland

Sølvi Norunn Gripsgård Knudsen

Vigdis Villanger

Laila Bjørge

Arbeidarpartiet (7):

Øyvind Oddekalv

Nina Bognøy

Ståle Juvik Hauge

Jostein Borlaug

Anne Grete Eide

Kirsti Gjetle Floen

Tormod Skurtveit

 

Kristeleg Folkeparti (7):

Astrid Aarhus Byrknes

Malin Helene Knudsen

Stian Lavik

Else Marie Skartveit Dale

Asle Hetlebakke

Jogeir Romarheim

Thea Risøy

 

Høgre (6):

Nils Marton Aadland

Christel Villanger Håland

Kenneth Taule Murberg

Thomas Larsen

Ingrid Joan Duesund Fjeldsbø

Mabel Ingeborg Johansen

 

Framstegspartiet (3):

Nina Stabell Øvreås

Øyvind Bratshaug

Roy Even Bø

 

Miljøpartiet Dei Grøne (2):

Leif Johnsen

Maya Riise

 

Sosialistisk Venstreparti (2):

Torbjørn Taranger

André Fresvik

 

Raudt (1):

Hendrik Weber

 

Venstre (1):

Sveinung Toft

Formannskap

Utval for oppvekst, kunnskap og kultur

Utval for helse og omsorg

Utval for areal, plan og miljø

Utval for næringsutvikling og drift

I tillegg har vi: kontrollutval, klagenemnd, valnemnd og administrasjonsutval

Dei gamle kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy er ikkje ferdige med oppgåvene sine heilt endå. Dei har ansvar for å avvikle dei eksisterande kommunane, og bidrar politisk fram til 31.12.2019. Kommunestyra som er på veg ut kan ikkje gjere vedtak som får verknad inn i den nye kommunen.

Ordførarane i dei eksisterande kommunane vil fungere i rolla fram til 01.01.2020. Det betyr at Jon Askeland (Radøy), Øyvind Oddekalv (Meland) og Astrid Aarhus Byrknes (Lindås) representerer dei eksisterande kommunane fram til nyttår. Den nye ordføraren for Alver kommune blir valt i det konstituerande møtet 17. oktober og skal leie det politiske arbeidet i nytt kommunestyre frå denne dagen. Reint formelt er ikkje Alver kommune klar før 01.01.2020, men den nye ordføraren leiar det førebuande arbeidet i tida frå 17.10.19 – 31.12.19.

Fellesnemnda har sitt siste møte 7. oktober. Det er fellesnemnda som har tatt seg av samordning og førebuing av samanslåinga. Førebuande arbeid med økonomiplan og budsjett for det første driftsåret er ein del av fellesnemnda sine oppgåver. Fellesnemnda sin funksjon vert avslutta når det nye kommunestyret er konstituert, det vil seie at ordførar formelt er vald i første kommunestyremøte.

Politiske møte i 2019

Klikk her for å komme til politisk møtekalender, sakspapir og postliste for Alver kommune. 

Fellesnemnda har sitt siste møte 7. oktober.

Kommunestyret i Alver har desse møtedatoane:

17. oktober

31. oktober

14. november

28. november

19. desember

Formannskapet i Alver har desse møtedatoane:

6. november

7. november

21. november

5. desember

 

Sjå også møtekalenderen til Lindås, Meland og Radøy.

Close Menu