Det blei ein flott, og heller ikkje så altfor våt, tur til Håøytoppen søndag ettermiddag.

– Det gjekk fint med roinga. Me heldt stø kurs og hadde bra framdrift, akkurat som med bygginga av Alver, seier Øyvind Oddekalv smilande.

Han hadde invitert innbyggjarar i dei tre Alver-kommunane med på søndagstur til Håøytoppen. Turen, som startar på Flatøy, er éin av 15 turar i Alver.  Saman med ordførarkollegaane Jon Askeland og Astrid Aarhus Byrknes rodde Oddekalv i ein åttring over frå Skitnedalsvika, til bryggja på Håøy. Resten av turfølgjet blei skyssa over i robåtar, i regi av rogruppa til IL Kvernbit.

Selfie

Musikk

Ved Kommandantbustaden var det framføring av Alver-vignetten. Flinke musikantar frå Meland Musikklag og Skala Brass Band stod for spelinga.

Undervegs på turen sørgde Oddekalv for å gi dei frammøtte historiske innblikk. Opp gjennom historia har Håøytoppen spelt ei viktig rolle. Ein trur det har stått varde på øya sidan Håkon den godes tid, rundt år 950.

– Øya har vore strategisk viktig, og forsvarsanlegget blei avvikla i 1957, forklarer Meland-ordføraren.

Med Hagelsundet mot Lindåslandet og Håøysundet retning Meland, er Flatøy plassert midt i ei av hovudleiene inn til Bergen. På veg til topps kunne turgåarane følgje postar med spørsmål, laga av Flatøy bygdelag.

Alver-vignett

Utfordring på toppen

Heilt på toppen serverte Meland helselag kaffi og saft. Vel oppe fekk turgjengen også servert stompekakar av Husflidlaget.

Meland-ordføraren skryter over alle som deltok på arrangementet, både med bidrag og oppmøte.

– Det er flott at dei stiller opp, seier Oddekalv.

Musikklaga som spelte vignettet utfordra Seim Musikklag til å ta opp stafettpinnen når det er tur til Kolåstoppen. I oktober er det nemleg eit nyt 15 turar til Alver-arrangement. Då går turen til Kolåstoppen i Lindås.

Korpskommune