Kva skjer fram mot 1. januar 2020?

 

Haust 2018

  • Organisasjonsprosjekt for kvart tenesteområde blir starta opp.
  •  IKT-prosjekta blir starta opp.
  • Kommunevåpenet blir bestemt. Vedtak i fellesnemnda 1. oktober.
  • Utarbeide kunnskapsgrunnlag for korleis Alver kommune skal jobbe med næringsutvikling.
  • Samfunnstryggleik og beredskap. Kontinuerleg arbeid fram mot Alver.

Vår 2019

  • Tre avdelingar er samlokaliserte. 1. januar 2019 blir dei formelt slått saman.
    • Løn og rekneskap
    • Barnevern
    • Nordhordland brann og redning blir etablert. Nytt felles brannvern for Lindås, Meland, Radøy, Modalen og Austrheim
  • Økonomiplan 2020-2023. Arbeidet startar i januar. Fellesnemnda styrer arbeidet. Vedtak i desember 2019 i kommunestyra.
  • Planarbeid knytt til samfunnsutvikling og arealbruk. Utkast til kva planar Alver skal prioritere den første perioden blir presenterte i fellesnemnda i juni 2019.

Haust 2019

  • Kommune- og fylkestingsval 9. september. Politikarane i Alver blir valde.
    • Politiske parti stiller med Alver-lister på valdagen.
  • Kommunestyret i Alver blir konstituert i oktober, og overtar oppgåvene til fellesnemnda. Fellesnemnda trer då ut av sin funksjon. Vedtak som kommunestyret i Alver gjer, gjeld frå 01. januar 2020.
    • Kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy sit fram til 31. desember 2019. Dei har ansvar for forvaltningsoppgåver i dei tre kommunane fram til årsskiftet.
  • Arbeidsgjevarpolitikk: Klar til 01. januar 2020.
  • Interkommunale selskap og eigarskap: Gjennomgang og vurdering skal vere gjort.

01.01.2020

  • Frå tre til éin: Lindås, Meland og Radøy blir offisielt slått saman til Alver kommune.

 

Dette har skjedd:

Intensjonsavtalen blir vedteken i dei tre kommunestyra i juni 2016. Den slår fast at Lindås, Meland og Radøy er likeverdige partar som skal byggje ein ny kommune.

Vår 2017

  • Førebuande fellesnemnd startar arbeidet i januar.
  • 8. juni  vedtar Stortinget å slå saman kommunane Lindås, Meland og Radøy.
  • Felles kommunestyremøte mellom Lindås, Meland og Radøy, 22. juni.
    • Vedtak om at den nye kommunen skal heite Alver.
    • Fellesnemnda for kommunane skal ha 21 medlemmar med fem frå Radøy, seks frå Meland og ti frå Lindås.
  • Førebuande fellesnemnd leverer innstilling til endeleg fellesnemnd, med prosjektorganisering, framdriftsplan frå hausten 2017 til 31. desember 2019, budsjett for fellesnemnda og omstillingsavtale.

Haust 2017

Vår 2018

Close Menu