Døra på gløtt for tannhelsa

Ei samstemt fellesnemnd seier ja til at dei gjerne vil sjå nærare på tilbodet om å ta over tannhelsetilbodet i Alver kommune.

– Når vi er positive til saka, har vi tatt utgangspunkt i intensjonsavtalen som seier at ein ønskjer å ta på seg nye oppgåver inn i den nye kommunen. Dette er ei slik oppgåve, og ein bør melda si interesse for prosjektet. Pr i dag veit vi for lite til å sei om dette er noko vi vil overta, men vi kan melda vår interesse, seier programansvarleg Ørjan Raknes Forthun.

Sjølv om fleire av dei folkevalde uttrykker ein viss skepsis til å ta på seg denne typen oppgåve, særleg før ein veit kva som vert dei økonomiske konsekvensane, er alle positive til å melda si interesse for ei prøveordning med å ta over tannhelsetenesta.
– I dag skal me melda vår interesse for ei prøveordning. Når vurderinga skal gjerast, må desentralisert struktur vera del av vurderinga. Spesialist-tannhelsetenesta kan ikkje me åleine greia handtera. Her er fleire dimensjonar i saka som må vurderast nøye, men vi kan vera med på eit pilotprosjekt og sjå korleis dette går, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

Positiv og framoverlente

– Dette er eit spennande prosjektet, og vi som ein relativt stor kommune vil ha gode føresetnadar for å gje gode tenester også på dette området, seier Nils Marton Aadland (H).
– Endeleg ei politisk sak. Me har sagt at me skal vera framoverlente og når fylkesmannen har peika på oss, i lag med Bergen og Øygarden, så må me vera positive, seier Jon Askeland (Sp). Han legg til at her og ligg eit bakteppe i at tannklinikken på Lindås skal flyttast til Austrheim vidaregåande, og fylkestannleggen vil leggja ned klinikken på Manger og på Frekhaug.

Økonomi avgjerande

– Eg er i tvil om det er store kommunar eller nye regionar som skal styra tannhelsa. No er det berre å gje eit signal om at vi vil vurdera det, få det utreidd og gå i dialog med fylkeskommunen, seier Øyvind Oddekalv (Ap). Han meiner økonomi må vera veldig avgjerande for om ein vil ta på seg denne oppgåva, og partikollega Nina Bognøy seier ho reknar med at pengane skal følgja tennene der tennene bur.
– Eg trur me alle er einige om målet. Dette er noko av det viktigaste som skjer, der tannhelsetenesta kan bli integrert på ein mykje betre måte. Me sjølv kan bestemma at desse desentraliserte tannklinikkane skal bestå, seier Sveinung Toft (V).

Skeptisk

– Drivkrafta er nærleik til tenesta. Intensjonsavtalen må leggja til grunn kva det er me tek på oss. No har me meir vatten over hovudet, enn hovudet over vatnet. Kva inneber dette for oss? Høyres ut som om nokon alt har gjort sitt vedtak om gjennomføring, eg ser fram til kva ein får til av dialog med fylkeskommunen, seier Sølvi Knudsen (Sp).

AV: Randi Bjørlo