Alverdagen

Bli med på den aller første Alverdagen, og bli kjent med alt den nye kommunen har å by på. 

Kvar og når?

Laurdag 19. oktober kl. 11.00-15.00 i Knarvik arena (i same bygg som den nye barneskulen i Knarvik).

Kva er Alverdagen?

Arrangementet skal vere ein møteplass for heile den nye kommunen der frivilligheit, aktivitet og det gode liv i Alver skal vere i fokus. Målet er at dagen skal bidra til å skape ei fellesskapskjensle blant alverbuane og ei stoltheit over det den nye kommunen har å by på. Alverdagen vil i tillegg by på ei rekkje ulike aktivitetar for born, unge og vaksne, flotte kulturinnslag og kafé. Det vert og høve til å vinna staselege gevinstar.

Illustrasjonsfoto

Utstillingane

Her vil lag og organisasjonar i Alver stille med ein stand/utstilling som viser kva de driv med på ein spanande og kreativ måte. Det vil verte aktivitetar, sal av produkt, konkurranser, mat og mykje anna. Du vil også få høve til å sjå dei 12 flotte forslaga til Alver-genseren, og stemma fram «Folkets favoritt»

Pris

Gratis

Arrangør

Kommunane Meland, Radøy og Lindås 

Lurer du på noko?

Ta kontakt med kulturkonsulent Arnhild Kannelønning på e-post: arnhild.kannelonning@meland.kommune.no, tlf. 56 17 10 65 / 975 15 928.  

Close Menu