Alver i tal

1
Innbyggjarar
1
Areal (km2)
1
Tilsette

Geografi

  • Alver kommune er 679 km2, og høyrer til det geologiske området «Bergensfeltet» eller «Bergensbuene».  Kysten består av ei rekkje øyer, holmar og skjer. Totalt er det 843 øyar og holmar i Alver.
  • Særleg i sørvest er landskapet prega av langstrakte, låge ryggar. Mellom ryggane er det lågareliggjande, stadvis skogkledde, senkinger. Desse er ofte dekka av myr og vatn. Lenger nordaust er det meir berglendt og høgareliggjande terreng.
  • På grensa mot Modalen finn vi det høgaste punktet i kommunen. Sørdalsnuten ligg 957 meter over havet. Det lågaste punktet i Alver ligg i Austfjorden, 677 meter under havet.

4. størst på folketal

Etter Bergen, Askøy og Nye Øygarden, blir Alver den fjerde største kommunen i Vestland fylke.

3 av 4 vel nynorsk

76 prosent av elevane i grunnskulen har nynorsk som hovudmål.

957 moh

I Stølsheimen 957 moh. ruvar Alver sitt høgaste fjell, Sørdalsnuten. Det lågaste punktet er i Austfjorden, 677 muh.

Grunnskule

  • I 2017 var det totalt 4.004 elevar i grunnskulen i Alver kommune. Av desse går 3.661 i kommunale skular, medan 343 går i ein av to private skular i kommunen.
  • Totalt er det 22 kommunale skular i kommunen, og to private.
  • I hovudsak er målforma på dei kommunale skulane nynorsk, med ein andel på 76 prosent, medan 24 prosent av elevane har bokmål som sitt hovudmål.

Barnehage

  • Det er totalt 30 barnehagar i Alver kommune. Av desse vil 22 vere private barnehagar, medan åtte vil vere kommunale.
  • I 2017 var det totalt 1.792 barnehagebarn i kommunen. Det er om lag 90 prosent av alle barn mellom 0 og 5 år i kommunen.

Befolkning

  • Per 3. kvartal 2018 er det 15.847 innbyggjarar i Lindås kommune, 5.106 i Radøy og 8.129 i Meland. Dette gir ei samla befolkning på 29.082. Per 01.01.2020 vil denne befolkninga ha vekse til 29.587, ifølgje Statistisk sentralbyrå.
  • Meland har dei siste åra vore prega av høg befolkningsvekst og stor innflytting til kommunen. Som resultat har kommunen ei relativt ung befolkning. Radøy og Lindås ligg nærare landsgjennomsnittet på alderen til innbyggjarane. Alver sin befolkningsprofil er ganske gjennomsnittleg, men det vil vere ei lita overvekt av yngre innbyggjarar. 
  • Alver vil ha relativt små sosiale forskjellar i befolkninga, samanlikna med landet elles. I den nye kommunen vil det vere ca. 30 prosent færre personer med låg inntekt i forhold til landsgjennomsnittet.
  • I 2017 var 13.914 personer busette i det som blir Alver kommune i arbeid. 3.922 av desse bur i Meland, 2.439 i Radøy og 7.553 i Lindås. I Meland er det 1.207 (31 prosent) som bur og jobbar i kommunen, medan for Radøy og Lindås er tilsvarende tall henholdsvis 1.050 (41 prosent) og 3.723 (51 prosent). 
Close Menu