5  millionar  årleg  til  næringsfond  i  Alver
Budsjettet var oppe til behandling i førre kommunestyremøte. Her frå eit tidlegare møte.

5 millionar årleg til næringsfond i Alver

Torsdag vedtok kommunestyret å setje av fem millionar kroner årleg til næringsutvikling i Alver. Forslaget kom frå utval for næringsutvikling og drift.

– Eit levande og livskraftig næringsliv er ein føresetnad for eit sunt og levande lokalsamfunn. Alver kommune må arbeide aktivt for å sikre verdiskaping, arbeidsplassar og full sysselsetting. Å ha eit arbeid er fundamentalt for å ha stabile økonomiske kår og ein trygg kvardag, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

Målet er å utvikle Alver til å bli ein av dei mest attraktive kommunane på Vestlandet å drive næringsliv i.  

– Vi ønskjer å bruke næringsfondet til å utvikle Alver på ein fornuftig og framtidsretta måte, til det beste for både innbyggarar og næringsliv, seier Nils Marton Aadland, gruppeleiar for Alver Høgre.

Speler på lag med næringslivet

– Skal vi realisere ambisjonane vi har for den nye kommunen er det viktig at vi spelar på lag med næringslivet, seier varaordførar Øyvind Oddekalv (Ap).

Kommunen skal vere ein aktiv utviklingsaktør som samarbeider godt med næringslivet.

– Attraktive nærmiljø er med på å skape levande lokalsamfunn, seier ordførar Sara Sekkingstad (Sp) som gler seg til samarbeidet med næringslivet. 

Den beste julegåva

Tanja Hoel, næringssjef i Alver kommune, kan fortelje om fleire prosjekt som står klare til å søkje næringsfondet.

– Eg ser veldig fram til å utvikle gode prosjekt ilag med næringslivet. Men først har vi ein jobb å gjere med å sy saman nye retningslinjer og søknadskriterium for næringsfondet, fortset ho.

Close Menu