På  Alver-turné
Karin Elisabeth Beck (ståande t.v.) tok godt i mot forvaltningskontoret då dei var på besøk på Vikebø. Tilsette på forvaltningskontoret f.v. Kari Hesjedal, Eli Valgerd Tvedten, Gro Elin Kleiveland og Nadia Margrethe Molland.

På Alver-turné

I desember har forvaltningskontoret vore på rundtur i heile Alver. Dei helser på nye kollegaer, og ser og lærer meir om mange av dei flotte tenestetilboda til helse og omsorg.

– Forvaltningskontoret tildeler helse- og omsorgstenester og det er viktig for oss at vi har god kjennskap til tenestene i Alver. Vi ønskjer også å vere med å leggje til rette for gode samarbeidsrelasjonar mellom kontoret og dei som driv tenestene, fortel Kari Hesjedal, leiar for forvaltningskontoret.

Alle rundturane er avslutta med felles lunsj med litt fagleg «attåt».

– Vi har fått omvising av flinke og engasjerte tilsette, som har delt masse informasjon om innhaldet i tenesta og daglege rutinar, seier Hesjedal.

Kari Hesjedal beundrar kunstrommet på Såtabu.
Kari Hesjedal beundrar kunstrommet på Såtabu.

Byggjer Alver og lego

Det nye forvaltningskontoret har tatt form i løpet av hausten. I tillegg til leiar, har vi ti sakshandsamarar.

Hesjedal er sjølv født i Harstad, og har vakse opp på Voss. Av utdanning er ho jurist , og har tidlegare jobba i revisjons- og rådgjevingsfirmaet KPMG og i Fiskeridirektoratet.

– Eg har ein sambuar og har slått rot i Åsane. Der har vi eit lite hus med hage rundt og masse gode hagebær, fortel Hesjedal. 

I tillegg har ho ein skjønn liten gut på fem år.

– På jobb byggjer eg Alver, på fritida byggjer eg helst lego, seier ho smilande.

Britt Elin Hansen fortalde om alle aktivitetane brukarane på Såtabu har.
Britt Elin Hansen fortalde om alle aktivitetane brukarane på Såtabu har.

Påfyll fagleg og sosialt

Dei tilsette på forvatningskontoret skryter over førjulsturnéen. Ikkje berre har dei fått helst på nye kollegaer, dei har og fått sjå lokalitetane.

Det er tydeleg kva som ventar når du opnar døra.
Det er tydeleg kva som ventar når du opnar døra.
Syklane er populære på Såtabu.
Å sykle på kjente og ukjente vegar er ein populær aktivitet på Såtabu.

– Det er verdifullt å sjå bygningane som er i bruk, herunder moglegheiter og utfordringar for tenestene og brukarane  knytt til bygga. Vi har fått kompetansepåfyll som er viktig ved tildeling av tenester. Vi er også blitt betre kjente med tilsette som vi skal samhandle med til dagen i Alver, seier Hesjedal.

Juleturnéen innebar følgjande besøk:

  • I Knarvik : Arbeid-  og aktivitetssenteret for psykisk utviklingshemma, omsorgsbustader, lågterskel dagsenter Ankeret  og Stig inn, dag- og aktivitetssenteret for eldre ( Såtabu), Kvasten avlastingsbustad for barn og unge
  • I Manger: Arbeids- og aktivitetssenteret for psykisk utviklingshemma, omsorgsbustader, dagstova for eldre, personalbasen til heimetenesta,  omsorgsbustader
  • På Vikebø: Personalbasen for heimetenesta og omsorgsbustader
  • På Lindås: Arbeids- og aktivitetssenteret Ner Kolås, omsorgsbustader
  • I Alversund: Dag- og aktivitetssenteret for eldre
  • I tillegg har dei vore på Radøy Velferdssenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Knarvik sjukeheim.
Til jul er den lilla adventsduken kommen fram.
Til jul er den lilla adventsduken kommen fram.

– Eg ønskjer å rette ein stor takk til alle som var med og som la til rette for lærerike rundturar, seier Hesjedal.

Close Menu