Presenterte  Alver  sin  nye  grafiske  profil
Evy Eknes (t.v.) og Frode Olsen (t.h.) frå Reklamehuset, saman med kommunikasjonsleiar Silje Andvik Hoaas.

Presenterte Alver sin nye grafiske profil

Torsdag 19. desember er det siste kommunestyremøtet før jul.

Mange viktige saker står på agendaen, og det skal gjerast vedtak om alt frå dagsturhytter til budsjett.

Kommunikasjonsleiar Silje Andvik Hoaas opna møtet med å presenterte den grafiske profilen til Alver. Den nye profilen hausta applaus frå politikarane. Det er det lokale firmaet Reklamehuset og designbyrået Oktan som har utvikla designet saman med kommunen.

A-en i Alver komune er blant anna henta frå historiske runer.
A-en i Alver komune er blant anna henta frå historiske runer.

Hoaas fortalde om arbeidet som har blitt gjort med innsikt og involvering av innbyggjarane.

Eit grafisk element kan brukast på ulikt vist saman med kommunevåpenet.
Eit eige grafisk element kan brukast på ulikt vist saman med kommunevåpenet.

Streaming

Vi streamer møtet som startar klokka 10. Følg sendinga under:

Saksliste

Godkjenning av innkalling og saksliste

Godkjenning av møteprotokoll

Melding frå Kontrollutvalet – 02.12.2019

Smittevernplan for Alver kommune

Etablering av interkommunalt barnevern for kommunane Alver, Austrheim og Fedje

Anleggsstrategi for Alver 2020-2024

Dagsturhytter

Høyring-NOU 2019: 16 Skattlegging av vasskraftverk

Prioritering av søknader om spelemidlar 2020

Strategi- og styringsdokument samfunnsutvikling

Kommunale tilskotsordningar til kultur, idrett og friluftsliv

Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Alver kommune

Vass- og avløpsgebyr 2020

Gebyr- og betalingssatsar for 2020

Betalingssatsar og leigeprisar bygg og anlegg

Satsar for livsopphald i Alver kommune

Val av styre til Leif Øksnes Minnefond

Søknad om permisjon/midlertidig fritak frå politiske verv

Borgarleg vigsel i Alver kommune

Økonomiplan 2020 – 2023

Interpellasjon

Alle sakspapira finn du her.

Close Menu