Opprettar  eit  kontaktutval  for  næringslivet  i  Alver
Frå venstre: Stian Lavik (KrF), leiar av utval for næringsutvikling og drift, Tanja Hoel, leiar næring og utvikling Alver kommune, Børge Brundtland, dagleg leiar Industriutvikling Vest, Baste Tveito, dagleg leiar Nordhordland Næringslag. Nestleiar for kontaktutvalet, Mabel Johansen (H) var ikkje til stades då biletet blei teke.

Opprettar eit kontaktutval for næringslivet i Alver

– Vi ønskjer å ha eit tett samarbeid med næringsaktørane i kommunen for å utvikle ein attraktiv og berekraftig næringskommune, seier Stian Lavik (KrF), leiar av utvalet for næringsutvikling og drift.

Måndag vedtok utval for næringsutvikling og drift (ND) å opprette eit eige kontaktutval for næringslivet.

Kontaktutvalet skal skape ein tett kontakt mellom utvalet, den kommunale administrasjonen og næringslivet, og skal ha jamlege møte. I tillegg skal kontaktutvalet gje innspel til viktige næringspolitiske saker. Det nye utvalet skal hente inn innspel breitt frå det lokale næringslivet.

Gode rammevilkår for regionen

Kontaktutvalet er samansett av leiar Stian Lavik (KrF) og nestleiar frå ND Mabel Johansen (H), leiar for næring og utvikling i administrasjonen, leiar for Nordhordland Næringslag og leiar for Industriutvikling Vest.

– Nordhordland Næringslag ser fram til ein tettare dialog med kommunen. Vi representerer over 350 medlem og har store forventningar til at Alver skal stå i front for å skaffe gode rammevilkår for næringslivet i heile Nordhordlandsregionen, seier Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag.

Industriutvikling Vest jobbar i dag med innovasjon og nyskaping i regionen.

– Saman med Alver kommune skal vi styrke regionen sin næringsattraktivitet og skape ny industri og kompetansearbeidsplassar i Alver og Nordhordland, seier leiar i Industriutvikling Vest, Børge Brundtland.

Strategisk næringsplan

Tanja Hoel, leiar for næring og utvikling i Alver, ser fram til å jobbe tett saman med det nye kontaktutvalet.

– Eg håpar at vi får gode innspel på korleis Alver kan vere ein attraktiv kommune for næringsutvikling og som bustadkommune. Vi skal jobbe fram ein ny strategisk næringsplan for Alver. Eit område som eg verkeleg brenn for er tilrettelegging av anbods- og innkjøpsordninga, slik at også lokale næringslivsaktørar kan ta del i konkurransen med større aktørar. Det håpar eg vi får gode tilrådingar om, seier Hoel.

Close Menu