Innskriving  i  grunnskulen  2020
I veke 5 og 6 er det innskriving for unge alverbuar.

Innskriving i grunnskulen 2020

Har du ein spent 5-åring som skal byrje på skulen til hausten? I veke 5 og 6 skal alle elevar som byrjar i 1. klasse skrivast inn.

Alle 6-åringar i kommunen vil i god tid få skriftleg melding om tid og stad for innskriving på ein av skulane i kommunen.  

Saknar du invitasjon til innskrivinga? Ta kontakt med rektor på nærskulen din.

Har du flytta til kommunen eller flytta til ein annan stad i kommunen etter 1. november, må du ta kontakt med den næraste skulen for å undersøkje om vi har registrert barnet ditt på rett skule.

Har du spørsmål i samband med innskrivinga og kva krins elevane høyrer til, kan du ta kontakt med skulen eller kommunalsjef Kristin Moe, kristin.moe@lindas.kommune.no, 56 37 52 97

Alternativ skulestart

Føresette kan søkje om tidleg eller utsett skulestart. Skal barnet ditt starte tidlegare eller seinare på skulen, må du søkje skulen om dette. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) gjer ei vurdering av barnet og gir råd til rådmannen som tar den endelege avgjerda.

Nærskuleprinsippet

Alver kommune har ikkje fritt skuleval. Nærskuleprinsippet gir likevel elevar rett til å gå på den skulen som ligg nærast heimen. I vurderinga av kva som er næraste skule ligg både geografiske og trafikale tilhøve. Det er Opplæringslova §8-1 som regulerer dette.

Meir informasjon

Etter 1.1.2020 kjem du til å finne informasjon om skulestart, skulekrinsar og nærskuleprinsippet på den nye heimesida vår.

Close Menu