Vi  søkjer  menn!
Er du mann og får NAV-yting i dag? Sjekk denne moglegheita!

Vi søkjer menn!

Alver kommune er med i eit nasjonalt rekrutteringsprogram der menn med NAV-ytingar får tilbod om eit komprimert og forutsigbart utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Nytt kull skal nå starte opp. Kom på informasjonsmøtet i januar:

Dato: 30.1.2020

Klokkeslett: 12.00 – 14.30

Stad: Nonnesetergaten 4, møterom Ulriken i 3 etg.

På informasjonsmøtet vil det bli gitt informasjon om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitane. I etterkant av møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervjuet vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om ein 12 veker praksisperiode med rettleiing, som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Ta kontakt med din lokale NAV-veiledar for å få avklart om du mottar eigna yting frå NAV og for påmelding til informasjonsmøtet.

Mer informasjon finner du her: www.mennihelse.no

Close Menu