Vil  ha  god  møtekultur  i  Alver
Fin tone mellom Thore Helland (FNB) og Ståle Juvik Hauge (Ap), to av representantane i kommunestyret i Alver.

Vil ha god møtekultur i Alver

Torsdag hadde kommunestyret det nest siste møtet før jul. Folkevaldopplæring var eit av punkta på agendaen.

– Samspel er viktig. Det er slik vi får til ei god samfunnsutvikling, sa Kristin Nåmdal, leiar for plan og analyse i Alver.

Ho fortalde om planstrategien i Alver, korleis planarbeidet fungerer og viktigheita av å ha ein open dialog. Vidare gjekk Nils Marton Aadland (H) gjennom reglar for møtegjennomføring.

– Vi held oss til saka når vi står på talarstolen. Ikkje ver krenkande mot andre. Vi skapar sjølv det gode klimaet vi ønsker å ha i dette kollegiet, oppfordra Aadland.

Assisterande rådmann i Alver, Jarle Landås, tok for seg habilitet, forvaltningslova og offentlegheitslova. På nyåret kjem i tillegg to eigne møte med folkevaldopplæring.

Andre Fresvik (SV) og Maya Riise (MDG) er ferske som kommunestyrerepresentantar.
Dei ferske kommunestyrerepresentantane Andre Fresvik (SV) og Maya Riise (MDG) sette pris på at folkevaldopplæringa er i gang.

Nokre av dei andre sakene

Busetjing av flyktningar:

26 flyktningar skal busetjast i 2020, utanom familiesameining.

– Dette er ei viktig og god sak for Alver kommune. Eg er stolt over at vi kan seie ja til å ta i mot dei flyktningane vi er blitt bedne om å busetje, sa Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

Forskrift om tildeling av langtidsopphald i institusjon i Alver kommune:  

Forskrifta blei vedteke, med nokre tillegg. Kommunestyrerepresentantane ønskte blant anna utgreiing av lovgrunnlag, kriterium for tildeling av plass, kartleggingsverktøy, ansvar og vedtaksmynde i saka, med ei ny vurdering av forskrifta neste sommar.

Samarbeid om vatn og avløp:

Dei tre kommunane er i dag med i det interkommunale selskapet DIHVA (Driftsassistenten i Hordaland). Alver støttar namneendringa til Vannvest, samt at selskapet går over til å bli eit aksjeselskap.

Økonomireglement for Alver kommune:

Samrøystes vedteke.

Barnehage – innbyggjarframlegg:

Innbyggjarane har rett til å setje ei sak på den politiske dagsorden. Foreldre i dei private barnehagane i Lindås hadde samla 453 underskrifter. Dei meiner at det er ei urimeleg forskjellsbehandling av barnehagane i kommunen og bad om at det blir løyvd ekstra tilskot, også til private barnehagar for åra 2019 og 2020. Politikarane var samde om at dette er ei sak som vil bli behandla gjennom budsjettarbeidet, og takka for engasjementet til innbyggjarane.

Sjå opptak av heile kommunestyremøtet her

Close Menu