Her  er  det  nye  utvalet  for  næringsutvikling  og  drift
Medlem og varamedlem: Øvst frå venstre Tormod Skurtveit, Øyvind Bratshaug, Yngve Walaker, Astrid Namtvedt Sylta og Anders Ingar Solheim. Framme f.v. Anita Bakken, Hege Vågenes Solheim, Stian Lavik (leiar), Mabel Johansen (H), Liv Hopland van der Kooij og Olav Steinar Namtvedt.

Her er det nye utvalet for næringsutvikling og drift

Mange av dei politiske utvala hadde oppstartsmøte førre veke.

Det nye politiske utvalet for næringsutvikling og drift hadde første møte måndag førre veke. KrF-politikar Stian Lavik skal leie utvalet, og Mabel Johansen (H) er nestleiar.

Introduksjon og opplæring stod først på agendaen. Lavik hadde førebudd ei assosiasjonsøving der alle fekk velje seg to bilete som dei kjende seg igjen i.

Politikarane fekk mange bilete å velje mellom.
Politikarane fekk mange bilete å velje mellom.

Deretter skulle medlemmene dele tankane sine med dei andre, og fortelje kva som var viktig for dei i det nye utvalet.

Øyvind Bratshaug (FrP) gleda seg til å bidra inn i utvalet.
Øyvind Bratshaug (FrP) gleda seg til å bidra inn i utvalet.

I tillegg til introduksjonsøvinga var opplæring og organisering av det kommunale plansystemet, samt gjennomgang av Næringsanalysen på agendaen.

– Eit sunt og livskraftig næringsliv er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Det at vi i Alver kommune har vald å oppretta eit eige politisk utval for næringsutvikling og drift, gjev oss ei unik moglegheit til setje fokus på dette viktige området. Vi vil samarbeide tett med næringslivet i rolla som samfunnsutviklar, og vi ønskjer å leggje opp til ei utovervend arbeidsform der god dialog med næringslivet blir sentralt, sa Lavik.

Kven er medlem?

Utval for næringsutvikling og drift skal ha sju medlem med vara, alle valde av kommunestyret. 

  • Stian Lavik (KrF)
  • Mabel Johansen (H)
  • Yngve Walaker (FNB)
  • Øyvind Bratshaug (FrP)
  • Maya Riise (MDG)
  • Liv Hopland van der Kooij (Sp)
  • Tormod Skurtveit (Ap)
– Eg er oppteken av at vi skal arbeide som eit lag, sa Lavik.
– Eg er oppteken av at vi skal arbeide som eit lag, sa Lavik.

Arbeids- og ansvarsområde

Utvalet skal kome med innstilling til kommunestyret innanfor følgjande saksområde:

  • Utarbeide strategisk næringsplan 
  • Næringsutvikling/næringskontakt
  • Reiseliv
  • Næringstomter, saker som ikkje ligg til formannskapet eller utval for areal, plan og miljø
  • Overordna rapportering knytt til mindre byggeprosjekt 
  • Drift og vedlikehald av kommunal eigedom og anlegg
  • Forvaltning veg, vatn og avløp
  • Landbruk som næring
  • Følgje opp strategiar og tiltak i næringsplan-styringsgruppe i utviklingsprosjekt
  • Tildeling av midlar frå næringsfond 

(I ei tidlegare utgåve av saka samt i vår møteportal var utvalet kalla næring og drift. Utvalet heiter næringsutvikling og drift. Vi beklagar feilen!)

Close Menu