Vil  du  bidra  til  å  dempe  konsekvensane  av  fattigdom  blant  barn  og  unge?
Illustrasjonsfoto

Vil du bidra til å dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og unge?

Sjekk ut om Bufdir si nasjonale tilskotsordning for å inkludere barn og unge er noko for din organisasjon.

Nytt frå i år er at alle som søker frå Radøy, Meland eller Lindås må føre opp Alver kommune for at søknaden skal vurderast.

Klikk her for å lese meir og finne søknadsskjemaet.

Søknadsskjemaet ligg no ute. Hugs søknadsfristen 13.desember.

Kva er målet med ordninga?

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låg eller ingen kostnad.

Lurer du på noko?

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Katarina Birkeland, avdelingsleiar for ungdom, fritid og medverknad i Alver, katarina.birkeland@radoy.kommune.no.

Close Menu