Desse  sørgjer  for  at  du  er  trygg  i  Alver
Ståle Juvik Hauge (t.v.) og Harald Stanghelle har utvikla eit eige prosessverktøy i arbeidet med beredskap.

Desse sørgjer for at du er trygg i Alver

Den nye samfunnstryggleik og beredskapsavdelinga i kommunen er klare i talen. – Det er trygt å bu og jobbe i Alver, men viss noko skjer skal vi vere best mogleg rusta til å handtere situasjonen.

Ståle Juvik Hauge og Harald Stanghelle er tilsette i Alver-kommunane si første samfunnstryggleik- og beredskapsavdeling.

– Det er ufatteleg interessant. Vi får oversikt over alt kommunen driv med, fortel Stanghelle.

Dei to kollegaene er lidenskapleg opptekne av beredskapsarbeid, men fortel at det til tider og kan vere tøffe val som må takast. Vurderingar som handlar om liv og helse.

Om ei naturkatastrofe eller anna stor hending skulle skje har kommunen eit ansvar for alle som bur og oppheld seg i Alver.

Sårbarheit

– Vi skal sikre at kommunen tåler ei hending, slik at vi kan komme tilbake til normal drift raskast mogleg, seier Hauge.

Den nye avdelinga arbeider med å byggje gode system. Kommunen leverer tenester 24 timar i døgeret, og dei tilsette som løyser oppgåvene i kvardagen skal gjerast i stand til å handtere uventa situasjonar.

Avdelinga har laga eit heilt nytt prosessverktøy som støttar det strategiske arbeidet. I staden for å vurdere den samfunnsmessige konsekvensen av ei hending og sannsynlighet, fokuserer Hauge og Stanghelle på sårbarheit.

Verktøyet Breiva har hausta gode lovord langt ut over kommunen sine grenser, og prosjektet har fått støtte frå Fylkesmannen ved to høve.  

Innovativ ny metode

– Vi set sårbarheit opp mot samfunnsverdi, og har minska ned frå 128 til sju dimensjonerande hendingar som potensielt kan treffe Alver og som krev at heile organisasjon frå avdelingar til strategisk leiing kan bli involvert, forklarer Hauge.

Spørsmåla som er stilt er; vert verksemda/tenesteytinga råka kritisk viss viktige samfunnsfunksjonar som veg, straum, elektronisk kommunikasjon, vatn  (totalt 11 forhold) ikkje fungerer.  Så stiller vi spørsmålet motsett veg; kan verksemda/tenesteytinga ha hendingar som sett nokon eller fleire samfunnskritiske funksjonar ut av spel.

Det betyr at dei 121 andre scenarioa vert planlagt handerte ute i organisasjon, på det nivået som hendinga skjer, og med den organiseringa som har ansvaret til dagen. 

– Vi jobbar ut frå dei fire beredskapsprinsippa; ansvar, nærheit, likheit og samvirke, fortel Stanghelle. 

Fylkesmannen har sjølv spurd om å få bruke Breiva, og Hauge og Stanghelle er opptekne av å dele kunnskap. I det Alver-utvikla verktøyet er det ikkje like mykje matematikk som tidlegare metodar har basert seg på. Breiva krev i større grad eigne vurderingar, og ein kan gi forslag til tiltak. Konklusjonen viser sårbarheitsgrada, og kjem til uttrykk i ei 3D-globe, ikkje ei vanleg matrise med berre konsekvens og sannsynlegheit.   

Alver-samfunnet

Med Breiva analyserer dei ikkje berre organisasjonen Alver, men heile Alver-samfunnet.

– Næringslivet er opne med sine utfordringar og forventningar, seier Hauge.

Han skryter over kor flinke mange lokale bedrifter er til å tenkje beredskap.

Fagområdet samfunnstryggleik og beredskap ligg under sektoren samfunnsutvikling. Kommunalsjef Hogne Haugsdal er svært nøgd med at Alver kan satse så tungt på arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.  

­– Kommunane har gjennom lov om kommunal beredskapsplikt fått eit større ansvar for å byggje opp eit trygt og sikkert samfunn for sine innbyggjarar. Dette skal vi gjere gjennom målretta planlegging og førebygging, i tillegg skal vi handtere uønskja hendingar når det skjer. Det er veldig kjekt at Alver satsar på dette området, og vi har allereie jobba i fleire år med å førebu oss. Ståle og Harald har topp kompetanse på området og dei har gjort ein kjempejobb for å lage planar og system for Alver. Vi er godt budd om det skal kome ein vinterstorm på nyåret, fortel Hogne.

Close Menu