Suksess  med  gatekunst
Flinke ungdommar.

Suksess med gatekunst

Fredag førre veke deltok ti ungdommer i 15-årsalderen på eit gatekunstprosjekt i Lindåshallen.

Tekst og foto: Signar Kristoffersen

Arrangementet er ein del av kultur- og aktivitetsprogrammet til Alver. Med på Alver-prosjektet var tre ungdommar frå kvar kommune.

Prosjektet er lagt til rette av Nordhordland Kunstlag ved leiar Mette Træland. Det praktiske opplegget var ved Eirik Astrup, og Dino Dikic var vår eminente kurshaldar.

Sprayboks og giga-kval

Kursdeltakerne begynte med å teikne ein M som blei skåre til i sjablong. Så blei eit stort kvitt ark lagt på asfalten utanfor – det var tid for å prøve sprayboksen. Dermed var entusiasmen og engasjementet der – og den berre auka. 

Vi laga tre store sirklar på veggen i det nye lokalet til ungdomsklubben. Den eine sirkelen blei «måleteipa» på kryss og tvers, og så spraya.

Den andre sirkelen blei «skvetta» på med måling fra små boksar, og den tredje sirkelen dekka med små sjablongar i forskjellige fasonger, og så spraya.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Då vi var komne til laurdagen var det tid for den store kvalen. Den blei projektert på eit 3×6 meter stort ark, teipa på veggen, teikna på og så lagt på golvet til utskjæring.

Det var stor spenning da kvalen skulle festast over dei tre sirklane – og spraya. Spenninga var endå større då kvalsjablongen skulle fjernast frå veggen.

Jubelen stod i taket

Kunstnar Dino Dikic leia arbeidet på ein suveren måte – med god regi, lun humor og stor kunstnerisk styrke. 

Dei ti unge deltakarane gav uttrykk for at dette var spennande og gøy.

Veggen i ungdomslokalet i Lindåshallen har fått ei flott kunstnerisk utsmykking. 

Stor takk til ungdommene som var med og takk til læremeister Dino Dikic.

Ønskjer du å sjå bilete frå gatekunstprosjektet?

Laurdag og søndag 2.-3. november har Nordhordland kunstlag haustutstilling i Nordgardsløa på Frekhaug. Der finn du bilete frå det flotte gatekunstprosjektet.

Close Menu