Desse  skal  forhandle  om  byvekstavtalen
Astrid Aarhus Byrknes, Sara Hamre Sekkingstad, Øyvind Oddekalv og Leif Johnsen skal saman med rådmann Ørjan Raknes Forthun sitje i forhandlingar om byvekstavtalen.

Desse skal forhandle om byvekstavtalen

Torsdag var det andre kommunestyremøtet i Alver. Der vart forhandlingsutvalet til byvekstavtalen bestemt.

Alver-ordførar og -rådmann kjem til å leie forhandlingane. Sara Hamre Sekkingstad (Sp) får med seg politikarane Øyvind Oddekalv (Ap), Astrid Aarhus Byrknes (KrF) og Leif Jonsen (MDG) i forhandlingane.

Medlem i ei rekkje råd og utval vart vedtekne i kommunestyremøtet 31. oktober:

  • Administrasjonsutval – leia av Øyvind Oddekalv
  • Eldreråd – (vel sjølv leiar og nestleiar)
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne (vel sjølv leiar og nestleiar)
  • Ungdomsråd (vel sjølv leiar og nestleiar)
  • Fleire styremedlem vart vedtekne, blant anna: Bjørn West Museet, Bergen og Omland Friluftsråd – representantskapet, Bergen og omland hamn – IKS/AS, Forbrukarnemnd, Hordaland barnevernsamband, Interkommunalt arkiv, Kyrkjeleg fellesråd, Stiftinga Vestnorsk Utvandringssenter og samarbeidsutvala på skulane.
  • Val av styre til klagenemnda for eigedomsskatt vart utsett til eit seinare møte grunna krav om kjønnsbalanse. I tillegg vil ein supplere med vararepresentantar til samarbeidsutvala på skulen i eit seinare møte.
Thomas Larsen (H) i samtale med Terje Sletten Hansen (FNB).
Thomas Larsen (H) i samtale med Terje Sletten Hansen (FNB).

Nynorskkommunen Alver

I møtet blei nynorsk vedtatt som administrasjonsspråk, i tillegg blei det gjort eit eige målvedtak.

Nynorsk er ein viktig del av identiteten til Alver, meinte fleire av politikarane.

Asle Hetlebakke (KrF) i Alver sitt andre kommunestyremøte.
Asle Hetlebakke (KrF) i Alver sitt andre kommunestyremøte. (Vi hadde tidlegare skrive at Hetlebakke er medlem i Ap. KrF er det rette partiet. Vi beklagar feilen.)

Interpellasjon

Øyvind Bratshaug frå FrP hadde sendt inn ein interpellasjon om kommunepensjon. Han ønskte at Alver set i gang undersøkingar om konkurranseutsetjing av pensjonsordninga i kommunen.

Sara Hamre Sekkingstad (Sp) føreslo at dette er noko ein eventuelt kan diskutere saman med budsjettprosessen. Mange av partia tok til orde for at det i tillegg er feil tidspunkt å sjå på pensjonsordninga midt i overgangen til Alver kommune. Etter diskusjonar i dei politiske gruppene vedtok kommunestyret at ein ikkje skal utgreie pensjonsordninga.

Her finn du opptak av kommunestyremøtet:

Close Menu