Leiarane  blir  kjente  på  tvers
Arne Helgesen er avdelingsleiar for samferdsle veg og VA i Alver.

Leiarane blir kjente på tvers

Tysdag var alle dei 90 avdelingsleiarane i Alver samla for første gang.

Haustvêret hadde for alvor funne vegen til Frekhaug tysdag ettermiddag. Medan regnet piska på ruta var det ei varm og lun stemning inne på Nordhordland folkehøgskule. Der var alle avdelingsleiarar og fagansvarlege samla til fagleg påfyll og nettverksbygging.

– Det sit mange kulturbyggjarar her inne. De er forbilde for organisasjonen vår, sa Ørjan Rakes Forthun til forsamlinga.

Ørjan Raknes Forthun skrytte over det gode arbeidet som skjer ute i avdelingane.
Ørjan Raknes Forthun skrytte over det gode arbeidet som skjer i avdelingane.

Handlingsrom ute på avdelinga

Alle som er avdelingsleiarar har heilskapleg leiaransvar. Det vil seie at dei har ansvar for fag, personal og økonomi på si avdeling. Arbeidet er ramma inn av lover og forskrifter og interne reglar og rutinar. Internt er det HR, lønn og rekneskap som tilbyr viktige støttefunksjonar for leiarane.

– Alver blir ein stor organisasjon, men det skal vere eit betydeleg handlingsrom ute på kvar avdeling. Rapporteringslinja skal ikkje ta frå dykk handlingsrommet de har som leiar, sa programansvarleg og Alver-rådmann Forthun.

Avdelingsleiarar og fagansvarlege i Alver.
Avdelingsleiarar og fagansvarlege i Alver.

Snart éin kommune

Saman med siste nytt frå bygginga av Alver nytta han høvet til å rose leiarane for arbeidet som blir gjort ute i organisasjonen.

– Takk for den fantastiske innsats de legg ned. Det skal bli utruleg gøy å ta heile organisasjonen inn i Alver. Vi skal heie på kvarandre. Velkommen inn i Alver, avslutta Forthun.  

Rektor ved Seim skule, Anne Wergeland, var ein av mange skulerektorar som deltok på fellessamlinga.
Rektor ved Seim skule, Anne Wergeland, var ein av mange skulerektorar som deltok på fellessamlinga.
Alle tre leiarniva i Alver samla til fellesbilete.
Alle tre leiarnivåa i Alver samla til fellesbilete.
Close Menu