Velkommen  til  ei  fargerik  framsyning

Velkommen til ei fargerik framsyning

Klar ferdig gå! Den nye fargen vår er blå.

Kulturskulane i Radøy, Meland og Lindås skal bli Alver kulturskule, og dette markerast med ei fargerik framsyning laurdag 26. oktober.

Gjennom musikk, dans, drama og kunst får du oppleve litt av mangfaldet kulturskulen har å by på for born og unge i vår nye kommune.

Kulturskulane har jobba gjennom hausten med konserten. Elevar og lærarar har reist på  kryss og tvers over kommunegrensene for fellesøvingar dei siste vekene og også på film vil vi sjå litt av kva kulturskulen kan tilby.

Kor og kva tid?

Laurdag 26.oktober kl. 17.00

Knarvik Arena

Gratis inngang

Velkomen til Alver kulturskule si storsatsing denne hausten!

Close Menu