Du  er  ein  del  av  beredskapen  i  Noreg
Gunn-Torhild Ramslien i NHBR, Øivind Gaarder i Vestland Sivilforsvarsforening, Beate Reigstad i Sivilforsvaret og Kurt Inge Hordvik i politiet i Nordhordland.

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte?

Måndag startar den landsdekkjande Eigenberedskapsveka. Saman med politiet,  Nordhordland brann og redning, Sivilforsvaret, Vestland Sivilforsvarforening og Røde Kors inviterer vi til informasjonsmøte om eigenberedskap.

Her gir vi gode tips til kva du kan gjere for å vere betre rusta om vatn, straum og internett blir borte ein periode. Vi vil og fortelje om beredskapsarbeidet i Alver kommune.

Kor og kva tid?

  • Biblioteket på Manger – tysdag 29. oktober kl.19
  • Biblioteket i Knarvik  – onsdag 30. oktober kl.19

Arrangementa er gratis, og det er inga påmelding.

Kvifor arrangerer vi informasjonsmøte?

Målet med Eigenberedskapsveka 2019 er å auke folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar. Styresmaktene tilrår nemleg at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betre sin eigen beredskap.

Det er fleire forhold som gjer at det kjem eigenberedskapsråd til befolkninga no. Meir ekstremvêr er blant dei viktigaste årsakene. Ekstremvêr kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur, som til dømes straum, vatn og mobilnett.

I tillegg er vi som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av, for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ei sårbarheit.

Vi treng di hjelp

For oss som jobbar med beredskap er DU ein viktig del av beredskapen i Noreg. Om du er førebudd på å ta vare på deg sjølv (og dei rundt deg) i ei krise, utgjer du ein viktig forskjell for beredskapen i landet. Då bidreg du nemleg til at rednings- og beredskapsressursane kan prioritere dei som er i størst naud.

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har utarbeidd konkrete råd som du kan lese på sikkehverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klare seg heime i minst tre døgn.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Ståle Juvik Hauge, rådgjevar samfunnstryggleik og beredskap, tlf. 906 54 594 eller stale.hauge@lindas.kommune.no.

Close Menu