Her  kan  du  sjå  det  første  kommunestyremøtet
Torsdag skal Alver kommunestyre ha sitt første møte. Illustrasjonsfoto frå eit av møta i fellesnemnda.

Her kan du sjå det første kommunestyremøtet

Torsdag skal kommunestyret i Alver konstituerast og ny ordførar veljast.

Ein viktig milepæl i bygginga av Alver skjer torsdag 17. oktober. På rådhuset i Meland, klokka 12, skal den første Alver-ordføraren veljast, og det er første gang Alver sitt nye ordførarkjede blir vist offentleg.

Heile sakslista finn du her. Møtet er ope for alle. Velkommen!

Møtet vil og bli overført direkte på nett:

Klikk her for sjå lista over dei 47 alverbuane som skal sitje i kommunestyret dei neste fire åra.

Kva ansvarsområde har det nye kommunestyret?

Kommunane Lindås, Meland og Radøy eksisterer heilt fram til 31.12.2019. 1. januar blir vi offisielt Alver kommune. 

Kommunestyret i Alver kan hausten 2019 berre gjere vedtak som gjeld frå 01.01.2020. Deira vedtak har med andre ord ikkje verknad i 2019. Budsjettet for Alver i 2020 skal for eksempel bli vedtatt av det nye kommunestyret.

Det vil bli økter med folkevaldopplæring for dei nye politikarane i samband med kommunestyremøta før jul.

Klikk her for å lese fleire spørsmål og svar om overgangen frå gammalt til nytt politisk styre.

Har du spørsmål om det konstituerande møtet?

Ta kontakt med leiar for politisk sekretariat, Tove Mette A. Fyllingen, ftm@lindas.kommune.no.

Close Menu