Alver  har  fått  sin  første  ordførar
Øyvind Oddekalv (f.v.), Astrid Aarhus Byrknes og Jon Askeland (t.h.), overrekte orførarkjede og klubbe til den første ordføraren i Alver; Sara Hamre Sekkingstad.

Alver har fått sin første ordførar

På det historiske møtet 17. oktober vart Sara Hamre Sekkingstad (Sp) vald til Alver sin første ordførar.

– Tusen takk til tidlegare ordførarar. Samarbeidet de har vist er til stor inspirasjon, sa Sekkingstad i sin første tale til kommunestyret.  

Ho framheva kor viktig det er med eit godt samspel og ønskja dei folkevalde velkomne til samarbeid.  

– Vi har store moglegheiter framfor oss, sa ein smilande Alver-ordførar.

Det var full sal i rådhuset på Frekhaug då 47 lokale politikarar var samla til kommunestyremøte.
Det var full sal i rådhuset på Frekhaug då 47 lokale politikarar var samla til kommunestyremøte.

Høgtideleg markering

Det var god stemning i rådhuset i Meland torsdag ettermiddag. Det konstituerande kommunestyremøtet i Alver opna med Alver-vignetten, framført av medlem i Eikanger-Bjørsvik Musikklag og Manger Musikklag. 

Saman med sine to ordførarkollegaer i Radøy og Lindås leia Øyvind Oddekalv den første delen av møtet. Midtvegs blei Sara Hamre Sekkingstad vald som Alver sin første ordførar, og fekk overrekt ordførarkjede, klubbe og blome.

For første gang blei Alver sitt ordførarkjede vist fram. Eit flott kunstverk laga av den lokale gullsmeden Hilde Rønning Rongevær.

Sekkingstad får overrekt ordførarkjedet av Oddekalv.
Sekkingstad får overrekt ordførarkjedet av Oddekalv.

Overtok styringa

Etter val av ordførar overtok Sekkingstad stolen som møteleiar. Første post på programmet var val av varaordførar. Ved si side får Sekkingstad Øyvind Oddekalv (Ap) som varaordførar dei neste fire åra. Vidare var det val av utval og utvalsleiarar.

Desse 13 blir medlem i formannskapet i Alver:

Sara Hamre Sekkingstad (leiar)

Øyvind H Oddekalv (nestleiar)

Jostein Hellestveit

Nils Marton Aadland

Thomas Larsen

Nina Stabell Øvreås

Leif Johnsen

Nina Bognøy

Morten Klementsen

Terje Sletten-Hansen

Maria Færø

Astrid Aarhus Byrknes

Asle Hetlebakke

Formannskapet i Alver.
Formannskapet i Alver.

Ros til administrasjonen

Mot slutten av møtet nytta Alver-ordføraren moglegheita til å takke programansvarleg for  den viktige jobben som har blitt gjort med bygginga av Alver dei siste åra. Ørjan Raknes Forthun kan 1.1.2020 ta i bruk tittelen rådmann i Alver kommune.

Ørjan Raknes Forthun takka for godt samarbeid og skrytte av dei tilsette.
Ørjan Raknes Forthun takka for godt samarbeid og skrytte av dei tilsette.

Han gav stor honnør til alle dei tilsette i Meland, Radøy og Lindås, som står på kvar dag for å gi gode tenester til innbyggjarane våre no og inn i Alver.  

Allereie 31. oktober blir det neste kommunestyremøtet. Ønskjer du å møte opp er du hjarteleg velkommen. Vi streamer og møtet på nett.

Ståle Hopland i Folkeaksjonen Nei til bompengar.
Leif Johnsen og Anita Bakken i Miljøpartiet dei Grøne.
Leif Johnsen og Anita Bakken i Miljøpartiet dei Grøne.
Alver sitt nye kommunestyre skal til med eit viktig arbeid dei neste åra.
Alver sitt nye kommunestyre skal til med eit viktig arbeid dei neste åra.
Jogeir Romarheim (KrF) er heilt fersk i kommunestyret. Her i prat med partikollega Malin Helene Knudsen.
Jogeir Romarheim (KrF) er heilt fersk i kommunestyret. Her i prat med partikollega Malin Helene Knudsen.
Jostein Borlaug og Ståle Juvik Hauge syntest det var stas å delta på det konstituerande møtet.
Jostein Borlaug og Ståle Juvik Hauge syntest det var stas å delta på det konstituerande møtet.
Close Menu