Lovar  ein  festdag  i  Knarvik  arena
Laurdag vert det mykje kjekt å sjå og høyre på for små og store når Alverdagen går av stabelen i nye Knarvik Arena.

Lovar ein festdag i Knarvik arena

Laurdag vert det mykje kjekt å sjå og høyre på for små og store når Alverdagen går av stabelen i nye Knarvik Arena.

Alverdagen er det fyrste store arrangementet som skal gå føre seg i det nye barneskulebygget i Knarvik. Her kan du mellom anna prøve deg i den nye buldreveggen, teste ut golfkunnskapene på ein innandørs putting-green, eller sjekke kor treffsikker du er med laserskyting på Seim- og Meland skyttarlag sin stand. Det er og planar om ei mini boccia-bane, tumblingmatte og mykje meir i Knarvik arena denne dagen. I kafeen blir det ein rikhaldig meny med varme og kalde rettar, og det er rett og slett duka for ein festdag for heile familien.

– Vi er heilt overvelda over kor mange som har meld seg på, og kor utruleg kreative alle saman er. Dette blir ein innhaldsrik dag både for store og små, lovar kultursjef Eirik Utne. er kan du mellom anna

Meir enn 50 utstillarar

Meir enn 50 utstillarar riggar seg i Knarvik arena laurdag. På Alverdagen vil mange stå på stand og visa kva deira lag og organisasjon held på med. Arrangementet skal vere ein møteplass for heile den nye kommunen der frivilligheit, aktivitet og det gode liv i Alver skal vere i fokus.

– Målet er at dagen skal bidra til å skape ei fellesskapskjensle blant alverbuane og ei stoltheit over det den nye kommunen har å by på, seier Utne. Han nytter høvet til å takka ungdommane i Alver, som er sterkt representerte. Dei stiller både med eigne utstillingar og som medarrangørar, og står mellom anna for ei mengd kjekke aktivitetar for born: Hoppeslott, ansiktsmaling, legostasjon, teiknestasjon, fotostasjon med fotokonkurranse og filmvising.

Storfint besøk, lått og løye

Det vert også ei rekkje kulturelle innslag og godbitar frå mellom andre Manger Musikklag, Alversund kammerkor, Seniordansen og Meland Jazzkafé med fleire.

– I tillegg presenterer vi Alvertalenta, fabelaktige unge artistar frå Alver som skal opptre i Knarvik arena på Alverdagen. Det gler vi oss veldig til, seier kultursjefen. Nokre overraskingar blir det og.

Alverdagen får besøk av fleire artige karakterar frå revymiljøet i Alver som vi skape liv og røre. Kan hende blir det også storfint besøk?

– Det blir ein strålande dag rett og slett, avsluttar Utne.

Program, Alverdagen

Konferansier: Thea Risøy

10:30: Dørene opnar

11:00–11:15: Opning Alverdagen, hjarterommet

                              Velkomen ved ordførar i Alver, Sara Hamre Sekkingstad

                              Manger musikklag

11:00–15:00: Utstillingar i 1. og 2. etg. og utandørs

11:00–15:00: Klatring og buldring

11:00–15:00: Open kiosk og kafé

11:00–15:00: Aktivitetar for born, 2. etg.

hoppeslott

legostasjon

teiknestasjon

fotostasjon med fotokonkurranse

11:00–13:30: Ansiktsmaling for born, 2. etg.

11:15–12:15: Filmvisingar: Folk i Alver, 2. etg.

11:30–12:00: Kulturelle innslag, hjarterommet

                              Manger musikklag

                              Alversund kammerkor

                              Lindås Soul Children

11:30–11:45: Høgtlesing frå litt skummel barnebok, 2. etg.

11:50–12:05: Høgtlesing for ungdom, 2. etg.

12:10–12:25: Høgtlesing for vaksne, 2. etg.

12:30–14:00: Filmvisning for born, 2. etg.

12:30–13:00: Kulturelle innslag, hjarterommet:

                              Knarvik helsetrim

                              Lindås, Radøy og Meland seniordans

13:10-13:50: Reven Sylvester kjem til biblioteket, 2. etg.

13:30–14:00: Kulturelle innslag, amfiet

                              Meland Jazzkafé

                              Lindås ungdomslag: Revy

14:15–15:00: Filmvisingar: Folk i Alver, 2. etg.

14:00–15:00: Maskotmøte for born

14:15–14.45: Alver-talenta, hjarterommet

Maren Vespestad (13), song

Andreas Holme Kjærland (18), dans

Frida Spurkeland (18), song

Preben Thomassen (18) og Amalia Neamt (16), dans

Simon Skarsvåg Furnes (19), gitar

Jone Nikolay Dale Rørvik (19), song                        

14:45–15:00: Kåring av beste stand, kåring av vinnar av fotokonkurranse og trekking av premier for alle oppmøtte, hjarterommet.

                            

                    

                             

Close Menu