Lokomotivet  i  lokalsamfunnet
Paul Otto Brunstad var oppteken av at leiarane skal sjå medarbeidarane sine, skape samhøyr og fellesskap.

Lokomotivet i lokalsamfunnet

Alver sitt første oppvekstforum samla leiarar og mellomleiarar i barnehage, skule, SFO, helsestasjon, PPT, barnevern og oppvekststaben til felles møte. Temaet var korleis vi skal byggje kultur, og å dele erfaringar på tvers av avdelingar.

Samlinga fann stad onsdag 2. oktober, og det var ingen ringare enn Paul Otto Brunstad, professor ved NLA Høgskolen i Bergen, som hadde teke turen nordover til Knarvik.

– Oppvekstsektoren er ein av dei viktigaste sektorane vi har. De skal oppdra barn og unge, sa han til den lydhøyre forsamlinga.

Med toget som metafor prata han om korleis vi kan bevege ein stor organisasjon til det beste for innbyggjarane om bord. Vi er lokomotivet i lokalsamfunnet, og har eit ansvar for at toget ikkje skal spore av.

Kristin Husebø Vaular  er tilsett på helsestasjonen, og var ein av deltakarane på Alver oppvekstforum.
Kristin Husebø Vaular er tilsett på helsestasjonen, og var ein av deltakarane på Alver oppvekstforum.

Byggjer fellesskap

Kommunalsjef for oppvekst Kristin Moe gleda seg over engasjementet blant dei tilsette og ei flott samling.

– Det er veldig kjekt å samle leiarar, samt samarbeids- og ansvarspersonar for oppvekstsektoren i Alver. No er det viktig at vi blir godt kjente med kvarandre, slik at vi får til ein god oppstart i sektoren. Starten får vi berre ein gong, og vi hadde som målsetjing å skape grunnlag for ei felles forståing kring det å byggje felles kultur og delta i endringsarbeidet i etableringa av Alver kommune, sa Moe.  

Kristin Moe opna oppvekstforumet.
Kristin Moe opna oppvekstforumet.

Sjå medarbeidarane

Paul Otto Brunstad gav viktige innspel i høve til det å stå i ein endringsprosess, der han mellom anna oppmoda leiarane om å tenkje framover og ta vare på seg sjølv og dei rundt oss. Han poengterte viktigheita av å sjå våre medarbeidarar, skape samhøyr og fellesskap. I tillegg var kan klar på at leiarar kan utvide sitt handlingsrom ved å sleppe medarbeidarane til i prosessar.

– Eg sit igjen med mange positive forventningar til det vidare arbeidet, og er svært glad for at innhaldet i samlinga vår passar så godt saman med innhaldet i arbeidsgjevarstrategien for Alver kommune, arbeidet med medarbeidarundersøkinga og måla våre om meistringsbasert leiing og kompetanse, sa Moe.   

Styrar i Leiketun barnehage Wenche Øpstebø syntest det var spanande å delta på fellessamlinga på tvers av avdelingane.
Styrar i Leiketun barnehage Wenche Øpstebø syntest det var spanande å delta på fellessamlinga på tvers av avdelingane.
Close Menu