Vil  du  bli  med  i  Alver  sitt  første  ungdomsråd?
Ungdomsråda oppretta si eiga fellesnemnd, med personar frå både Radøy, Meland og Lindås. No gir dei over stafettpinnen til Alver ungdomsråd. Bak f.v. sit Morten Stokke, Daniel Gjelsvik Kaland, Marte Vågenes Solheim og Thea Risøy. Framme f.v. sit Ebbe Io, Steffen Vestheim Sævdal og Susanne Sørli Slettebakken.

Vil du bli med i Alver sitt første ungdomsråd?

Er du interessert i at ungdom skal ha gode tilbod i Alver? Innan måndag 21. oktober kan du nominere deg sjølv eller andre til å bli medlem i Alver ungdomsråd.

Onsdag 23. oktober klokka 18.00 blir det ope allmøte med pizza i Nordhordlandshallen. Der skal representantane i Alver ungdomsråd veljast. Alle ungdommar som er busette i Alver kommune og er fødde mellom 2001 og 2006 kan møte med stemmerett.

Ungdomsrådet er ungdom sitt eige talerøyr inn mot politikarar og dei som bestemmer.  Oppgåva til ungdomsrådet er å ha ei rådgjevende rolle ovanfor kommunen.

På allmøtet blir dei nominerte presenterte og valet vil gjennomførast ved skriftleg anonymt val. Dei avtroppande ungdomsråda fra Lindås, Meland og Radøy er spesielt inviterte og vil få ei oppmerksomheit for den strålande innsatsen dei har gjort det siste året.

Ønskjer du å bli medlem?

Slik nominerer du deg sjølv eller andre

Melding om nominasjon må sendast til robert.lorang.hansen@lindas.kommune.no innan måndag 21.10 og må innehalde følgjande informasjon:

Namn:
Alder:
Mobilnummer:
E-post:
Vidaregåande skule:
Grunngjeving (kvifor han/ho blir nominert):

Nominerte må oppfylle (alle) desse punkta

  • Fødd mellom 2001 og 2006. (OBS: Du kan ikkje ha fylt 19 år)
  • Bur i Alver.
  • Går på vidaregåande skule (same kva kommune) eller er medlem i eit lag eller ein organisasjon i Alver.

Ungdom kan nominere seg sjølv, eller bli nominert av andre.

Kva er eit ungdomsråd?

Ungdomsrådet skal representere ungdom sine interesser, og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom i kommunen. Ungdomsrådet kan også ta opp eigne saker. Klikk her for å lese meir om kva eit ungdomsråd er.

Medlemmane blir valde inn for eitt år.

Alver Ungdomsråd vil så langt det er relevante politiske sakar, eller at rådet sjølv krev det, møtast rundt ein gong pr. månad om ettermiddagen. Medlemmar som deltar på møte i ungdomsrådet får eit honorar på kr. 286,44 (leiar kr. 382,59) for møtet.

Representantar og samansetjing

  • Vidaregåande skule: Tre representantar og tre vara.
  • Lag og organisasjonar: Fire representantar og fire vara.
  • Ungdomsskulane: Åtte representantar og åtte vararepresentantar blir valde i eigne valprosessar på ungdomsskulane i Alver.

Opplæring

Både hovudrepresentant og vara må delta på felles opplæring for ungdomsrådet.
Opplæringa vil gjennomførast 7. november frå kl. 17:00. til fredag 8. november kl 15:00 (med overnatting).
Meir informasjon om opplæringa vil bli gitt når representantane er klare.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med ungdomskoordinator Robert Lorang Hansen, robert.lorang.hansen@lindas.kommune.no, 955 22 070

Close Menu