Fellesnemnda  i  Alver  er  no  historie
Medlemmene i fellesnemnda: Desse politikarane og rådmennene har vore med og byggje Alver. (Biletet vart tatt under økonomisamlinga førre veke)

Fellesnemnda i Alver er no historie

Måndag hadde fellesnemnda sitt siste møte. Over ein tre årsperiode har politikarane i dei tre formannskapa vore samla i fellesnemnda for å førebu overgangen til Alver.

– Vi har hatt gode diskusjonar, og ein god tone. Vi er ikkje alltid einige, men ueinigheiter har vi løyst på ein god måte. Alle kan snakke med alle når vi i dag avsluttar det heile, skrytte leiar i fellesnemnda Øyvind Oddekalv (Ap) til sine kollegaer.

No overlet dei roret til det nye kommunestyret i Alver, som skal ha sitt første møte 17. oktober.

Vel blåst stod det på kaka til fellesnemnda.
Vel blåst stod det på kaka til fellesnemnda.

Økonomiplanen til Alver var ei av fleire viktige saker i det siste fellesnemndmøtet måndag ettermiddag.  

Ønskjer å prioritere Osterhallen

Under budsjettmøtet førre veke kom administrasjonen med forslag til korleis Alver kan få økonomiplanen i balanse. Klikk her for å lese meir om dei føreslåtte innsparingstiltaka.  

Tre tilleggspunkt blei samrøystes vedteke. Fellesnemnda ønskja at Osterhallen ikkje skal utsetjast, at det skal gjerast ei utgreiing om kva det vil koste å gi same tilskot til private barnehagar frå dag éin i Alver og om ein kan få avtale med MOT.

Alver sitt budsjett vert ikkje bestemt i fellesnemnda, men dei oversender sine forslag til formannskapet i Alver. Det vil bli opp til formannskapet å avgjere prioriteringane.

Martin Kulild i samtale med Sveinung Toft (V) og Ørjan Raknes Forthun.
Martin Kulild i samtale med Sveinung Toft (V) og Ørjan Raknes Forthun.

Andre saker:

  • Sjef for næring og utvikling, Tanja Hoel, presenterte ein næringsanalyse om smart vekst i Alver. Les meir her.  
  • Kulturavdelinga la fram resultat frå tre undersøkingar: kulturundersøkinga, idrettsindeksen og brukarundersøkinga til biblioteket.
    • Idar Eidset, seniorrådgjevar i Respons analyse kunne fortelje at alverbuen er aktive brukarar av kulturlivet i kommunen, og at lekkasjen til Bergen er relativt liten. Folk er nøgd med tilbodet i dag, og tre av fire meiner at kommunesamanslåinga vil gi eit like godt eller betre kulturtilbod.
    • Marit Gro Berge er biblioteksjef og kunne fortelje at biblioteket er ein fleirbruksstad og ein møteplass. Lån av litteratur og andre medier er framleis den viktigaste aktiviteten på biblioteket, men over halvparten av dei som brukar biblioteket brukar det óg til andre aktivitetar.
    • Ståle Hauge fortalde om arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Alver kommune.Grunntanken er ansvar, nærheit, likskap og samvirke. Ein rapport og handlingsplan er under arbeid, og får allereie no positiv omtale ut over kommunen sine grenser.  
Kake til alle.
Kake til alle.

Siste møtet

– Eg ønskjer å gi ein stor takk til programansvarleg og hans stab for jobben dei gjer for å byggje Alver, sa Oddekalv og overrekte ein blomsterbukett til Ørjan Raknes Forthun.

Den kommande Alver-rådmannen skrytte over det flotte arbeidet som har blitt gjort av politikarane i fellesnemnda. I tillegg framheva han arbeidet dei tilsette i kommunane gjer kvar dag for å byggje ein ny kommune.

– Mange tilsette yter ein stor innsats, og viser stor fleksibilitet for å få ting på plass. Eg ønskjer å gi ein stor ros til alle dei tilsette som jobbar for at Alver kommune skal vere klar frå dag éin, sa ein smilande Forthun.

Ørjan Raknes Forthun og Øyvind Oddekalv.
Ørjan Raknes Forthun og Øyvind Oddekalv.
Close Menu