Smart  vekst  i  Alver  –  Ny  næringsanalyse  lagt  fram  i  fellesnemnda
Sjef for næring og utvikling Tanja Hoel overleverte måndag næringsanalysen til leiar av fellesnemnda Øyvind Oddekalv.

Smart vekst i Alver – Ny næringsanalyse lagt fram i fellesnemnda

Næring og utvikling overleverte måndag ein fersk næringsrapport om bransjestrukturen og vekst i Alver til fellesnemnda.  På bakgrunn av rapporten vedtok fellesnemnda at det skal etablerast ein ny næringsstrategi for Alver kommune.

Rapporten anbefaler å utvikle ein «smart vekst»-strategi for Alver som fremmar fornying og omstilling ved å styrke utviklinga på dei næringsområda der regionen effektivt kan kople ressursar og kompetansefortrinn med potensialet i marknaden.

Det er smart å styrkje robustheita i regionen og omstillingsevne ute i næringslivet ved å byggje på eksisterande fortrinn og vektleggje betydninga av innovasjon og kompetanse i utvikling av eit større næringsmangfald. 

Her ligg det klare anbefalingar til å utforme ein næringspolitikk som aktivt støttar opp under nye moglegheiter gjennom reguleringar, investeringar i infrastruktur og kunnskap, ved å tilretteleggge tiltak og verkemiddel, og delta i strategiske kunnskapsklynger og nettverk.    

Samarbeid med høgskulen

Bakgrunnen for rapporten er at nye Alver kommune og Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet har inngått eit prosjektsamarbeid om ein næringsanalyse av nye Alver.

Målsettinga med prosjektet har vore å gjennomføre analysar som kan styrke arbeidet med kommuneplanane, og med vekt på det som har å gjere med innovasjon og entreprenørskap. Rapporten inneheld bransjestruktur og viktige utviklingstrekk for næringslivet i Alver, viktige funn og implikasjonar for å lukkast med næringspolitikk og utvikling i kommunen.

Styrke innovasjon- og entreprenøraspektet

Tanja Hoel, leiar for den nye avdelinga Næring og utvikling framheva i møtet med fellesnemnda at om ein skal lukkast med næringsutvikling i Alver må temaet setjast høgt på den kommunale dagsorden.

– Kommunen må styrke det regionale innovasjons- og entreprenøraspektet, skape eit meir utadretta og oppsøkjande arbeidsform på næringsutvikling i regionen, og verdsette innbyggjarar og næringsliv som utviklingsaktørar for å auke kommunen sin utviklingskapasitet og kompetanse på næringsutvikling, sa Hoel.

Dette krev tydeleg leiing, både politisk og administrativt, og at kommunen er godt organisert internt og framstår einskapleg utad.

Anbefalingar frå rapporten

  • Etablere ein smart vekst-strategi som byggjer vidare på dei ressursane som allereie er til stades i regionen for å utvikle nye nisjar og næringsområde.
  • Styrke relatert variasjon for å auke omstillings- og innovasjonskapasiteten i Alver.
  • Prioritere område og tiltak, gjennom aktive dialogprosessar med næringslivet, utdanningsaktørar, kunnskapsklynger og organisasjonar.
  • Kople verkemidlar og kunnskapsklynger for å støtte opp under prioriterte tiltak.
  • Strategien skal bidra med investering i forretningsområde som har prioritet i regionen og kor det er behov for kunnskapsbasert utvikling, inkludert informasjonsteknologi.    
  • Strategien skal støtte investering i teknologi og praktisk orientert innovasjon samt generelt bidra til å stimulere investering i privat sektor.  
  • Strategien må vere faktaorientert, og det må vere mogleg å etterprøve og måle alle sider ved strategien med tanke på overvaking, evaluering og klåre ansvarsforhold.  

Klikk her for å lese heile næringsanalysen.

Close Menu