Samfunnsutviklarane  byggjer  fellesskap
Thomas Rikstad, klubbleiar i Ung Meland, syntest det var spanande å vere med fellessamlinga.

Samfunnsutviklarane byggjer fellesskap

Gruppearbeid på tvers av avdelingar, samskaping og forventningar var nokre av ingrediensane då sektoren samfunnsutvikling hadde si første fellessamling førre veke.  

– Det var fantastisk kjekt å samle alle i samfunnsutvikling for første gang. Denne dagen har eg sett fram til lenge. Det er ein flott gjeng som skal bidra til å planleggje og utvikle heile Alver-samfunnet, sa Hogne Haugsdal, leiar for samfunnsutvikling, etter arrangementet.

Samskaping og utvikling av lokalsamfunnet var sentrale punkt på agendaen. Håkon Sivertsen frå Trøndelag Forskning og Utvikling fortalde om korleis samskaping med innbyggjarar er nøkkelen til ei god samfunnsutvikling.

Kirsti Birkelid i samtale med Gunn-Torhild Ramslien, avdelingsleiar for den operative avdelinga i Nordhordland brann og redning.
Kirsti Birkelid (t.v.) i samtale med Gunn-Torhild Ramslien, avdelingsleiar for den operative avdelinga i Nordhordland brann og redning.

Ungdommen skal med

Saman med innbyggjarane skal vi løfte lokalsamfunna i lag.  

Når vi skal starte arbeidet med kommuneplanen sin nye samfunnsdel står involvering av innbyggjarane høgt på agendaen. Leiar for avdeling ungdom, fritid og medverknad, Katarina Birkeland, fortalde om forventningane ho har til at ungdommen skal bli sett og høyrd i Alver.

– Vi må skape rom for at ungdom skal kunne vere med og bidra. Ta i bruk ungdommen. Dei er ein stor ressurs, rådde Birkeland.

Katarina Birkeland er oppteken av at ungdommen skal bli høyrd.
Katarina Birkeland er oppteken av at ungdommen skal bli høyrd.

Strategisk tenking

Dei tilsette i sektoren har høge forventningar til korleis vi som sektor og kommune skal bidra til å utvikle gode lokalsamfunn og ha god innbyggjardialog.

– Vi er ein sektor med høg utviklingskompetanse og ein god utviklingskultur. Det gir oss store moglegheiter til å jobbe målretta med samfunnsutvikling i Alver, sa Haugsdal, som gler seg til det vidare arbeidet.

Gitarlærar i kulturskulen Bjørn Schille var ein av mange engasjerte deltakarar.
Gitarlærar i kulturskulen Bjørn Schille var ein av mange engasjerte deltakarar.
Det blei gode diskusjonar på gruppeoppgåvene.
Det blei gode diskusjonar på gruppeoppgåvene.

OBS: Vi hadde tidlegare skrive at Katarina Birkeland si avdeling heiter ungdom, fritid og frivilligheit. Det stemmer ikkje. Avdelinga heiter sjølvsagt ungdom, fritid og medverknad. Vi beklagar feilen!

Close Menu