Slik  kan  økonomiplanen  kome  i  balanse
Nils Marton Aadland (H) hadde fleire spørsmål til administrasjonen.

Slik kan økonomiplanen kome i balanse

Måndag hadde fellesnemnda eit eige økonomimøte der politikarane fekk stille spørsmål og alle kommunalsjefane orienterte om status for sine sektorar.

Alver kommune manglar 120 millionar kroner for å komme i balanse i løpet av den neste 4-årsperioden. Av dette utgjer innsparingstiltak på 87 millionar i dei eksisterande kommunane sine økonomiplanar.

I intensjonsavtalen har politikarane bestemt at eigedomsskatt på hus og hytter i Radøy og Meland fell bort frå 1.1.2020. Eigedomsskatten utgjer 30 millionar kroner.

Under det nest siste møtet i fellesnemnda fekk politikarane skissert moglege alternativ for innsparingstiltak. Ei samla leiargruppe gjorde greie for innsparingstiltak på om lag 100 millionar dei neste fire åra. I tillegg føreslo dei å flytte fleire investeringsprosjekt lengre fram i tid.

Vil vente med Nye Eikanger skule

Utvidinga på Manger skule, hall på Ostereidet og Nye Eikanger skule er prosjekt som vi kan måtte setje på vent for å få økonomien i balanse.   

– Grunnen til at budsjettet går i minus er mellom anna fordi eigedomsskatten fell bort. I tillegg har investeringane til Meland, Radøy og Lindås auka betydeleg dei siste åra. Noko som gjer at renter og avdrag aukar, forklarte Janne Sund, økonomisjef i Alver.   

Kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe, fortalde om investeringsprosjekta innan skulesektoren som kanskje må vente til neste økonomiplanperiode.
Kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe, fortalde om investeringsprosjekta innan skulesektoren som kanskje må vente til neste økonomiplanperiode.

Kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe, fortalde om investeringsprosjekta innan skulesektoren som kanskje må vente til neste økonomiplanperiode.

– Vi meiner at om vi skal ha ein forsvarleg gjennomgang av tiltaka er det behov for å bruke våren til å forankre dei på ein god måte både administrativt og politisk, sa programansvarleg Ørjan Raknes Forthun.  

Intensjonsavtalen legg til grunn ei rekkje forutsetningar i bygginga av ein ny kommune. Desse er gjeldande sjølv om det blir innsparingar. I løpet av planperioden på fire år legg vi opp til å kunne ha ein økonomiplan som er i balanse.  

Skryt

– Eg ønskjer å gi stor honnør til administrasjonen. Dette var ein gjennomgang som svara godt på bestillinga, skrytte Jon Askeland (Sp), ordførar i Radøy.  

– Mykje er handterbart, sjølv om det ikkje er kjekt å måtte kutte. Dette blir felles politiske utfordringar, som vi møter når vi går inn i Alver, sa Askeland vidare.  

Programansvarleg Ørjan Raknes Forthun takka for alle innspel, og minna om at det er opp til politikarane å vurdere dei føreslåtte tiltaka. Vidare blir det formannskapet i Alver som skal fortsetje budsjettarbeidet.

– Prioriteringane bestemmer dykk, sa den komande Alver-rådmannen.  

Klikk her for å lese powerpoint-presentasjonen som leiargruppa presenterte til politikarane.   

Nina Satbell Øvreås og Øyvind Bratshaug i FrP syntes det var interessant med ei eiga økonomisamling.
Nina Satbell Øvreås og Øyvind Bratshaug i FrP syntes det var interessant med ei eiga økonomisamling.
Close Menu