Margrete  mi

Margrete mi

Av Sandra Sylta (16), nynorskbloggar

Tenk deg å bli tatt med tilbake til 1300-tallet. Tenk deg å få oppleve Bergen by etter svartedauden der majoriteten var menn. Å vere kvinna på den tida kunne ikkje ha vore enkelt. Ingeborg Askeland formulerer denne æraen på ein god måte som grip lesarane. Gode kontrastar der gode og vonde hendingar skjer om ein annan og gjer opp for kvarandre. Da eg snakka med den eine bibliotekaren sa ho at begge bøkene i serien var kjempebra.

Heldig var eg då som fekk ein mogelegheit til å få vere med på boklanseringa hennar i Knarvik for den nye boka i serien, Margrete mi. Endå meir heldig var eg då eg fekk sitje meg ned med forfattaren og spørje henne alt kva eg kunne komme på. Det var spennande å få prata med ein forfattar og få høyre om korleis skriveprosessen og utgjevinga av boka går for seg.

Boklanseringa til Margrete mi var ikkje akkurat kva eg hadde forventa at ei boklansering skulle vere; dei både starta og slutta arrangementet med live musikk frå blant anna sonen til Ingeborg Askeland og to andre, Heine Askeland, Roald Valle og Jørgen Fagerbekk. I tillegg var forfattaren Tordis Lunde på lanseringa for å lese litt av den nye boka si. Tordis Lunde viser seg å vere ei venninne av Ingeborg Askeland.

Alt i alt var dette eit bra arrangement for ei bra bok og eg angrar ikkje på at eg gjekk.  

Nynorskbloggar: Under Nynorskdagane i Alver skal fem ungdommar vere bloggarar for ein dag. Nynorskbloggaren skal dele sine erfaringar frå eit av arrangementa under Nynorskdagane. Desse skal blogge: Thomas Vågenes (17 år), André Kamau (18 år), Aurora Grøttveit (14 år), Thea Søreide (14 år) og Sandra Sylta (16 år).

Close Menu