Eg  er  –  ei  utstilling  på  Knarvik  bibliotek

Eg er – ei utstilling på Knarvik bibliotek

Betyr språket like mykje som folk trur?

Av Thea Søreide (14), nynorskbloggar

Nynorskdagane tar opp korleis identiteten og språk heng saman, dette er ei utstilling som gir eit godt høve til å reflektere over korleis ein sjølv ønskjer å bruke språk til å vite kven du er, og kva røter du har.

Før i tida var det vanleg at ein tilpassa språket når ein flytta, ein valde å skjula bakrunnen ved å endre språket. Dette blei gjort for å framstille seg sjølv betre, for å ikkje skilje seg ut, og for å gjere seg betre forstått.

Eg er - inngang

Eg forstår at det kan vere vanskeleg å bli sett på som annleis i og med at «spynorsken» ikkje er heilt daud. Nynorsken har eit dårleg rykte spesielt blant dei som ikkje er nynorsk-entusiastar.

Nynorsken utgjer ein stordel av standpunktkarakteren for elevar på ungdoms- og vidergåande skular i heile Noreg. Dette kan skape trøblete forhold for mange ungdommar. Heldigvis har kunstnaren formidla gode nynorsk-forbilete i utstillinga, som Therese Johaug som også er kjent for bruk av dialekta hennar.

Johaug - frå utstillinga

Eg trur fleire av byane forstår kva du kan vise i det å ha ein dialekt, det blir som å ha den kulaste vintage-jakken.  Det er ettertrakta å vere litt annleis og heldigvis er det å ha ein dialekt blitt ein del av dette også.

Det å ha ein identitet knytta til det som kjem ut av munnen din, vil igjen kunne endre måten ein skriv på, som igjen er knytta til skriftspråket. I det du byttar tale merkar du at skriftspråket endrast også. Det har eg sjølv merka etter å ha bytta skule over kommunegrensa. Det skal ikkje mykje til før du merkar effektane av «bymålet».

Frå utstillinga

Språklege førebilete

For oss som er unge er det viktig med synlege nynorske- og dialekt-førebilete i media, som Ronny Brede Aase, Daniel Kvammen og Silje Nordnes.

Tankane etter denne utstillinga er at ein må vere rause med kvarandre i språket, og at dei positive førebileta som ikkje er opptekne av å trampe på dei som gjer ein «feil» i nynorsk, er viktige.

Sellevoll - frå utstillinga

«Eg går med skjerf i Oslo

Eg går med skjerf i Oslo, sjølv om eg ikkje vil, eit kameloransje skjerf, eg får det ikkje til.

Eg går med skjerf i Oslo, det har ikkje ein strukk, eit glatt og ekkelt skjerf, eg er ein jålebukk.

Eg går med skjerf i Oslo, det er eit haustleg drag, eg går med skjerf i Oslo, for eit nederlag.

Brått møter eg ein kompis, ein Vestlands-kamerat, han ser litt dumt på meg og slår ikkje av ein prat.

Eg gjekk med skjerf i Oslo, eg trefte ein tiggar i ein park, eg søv på nattoget mot vest, no tiggar skjerfet etter knark»

-Jon Hjørnevik-

Eg reflekterer; vil eg i framtida møte ein gammal klassekamerat med bart, skinnjakke, og brei trønder dialekt?

Nynorskbloggar: Under Nynorskdagane i Alver skal fem ungdommar vere bloggarar for ein dag. Nynorskbloggaren skal dele sine erfaringar frå eit av arrangementa under Nynorskdagane. Desse skal blogge: Thomas Vågenes (17 år), André Kamau (18 år), Aurora Grøttveit (14 år), Thea Søreide (14 år) og Sandra Sylta (16 år).

Close Menu