Teaterframsyning  på  Mølla  med  kjend  skodespelar  i  spissen

Teaterframsyning på Mølla med kjend skodespelar i spissen

I regi av Hordaland teater, kom skodespelar Stig Amdam til regionen vår. Det var på Mølla hos Litlebergen dette skjedde.

Av Thomas Vågenes (17), nynorskbloggar

Amdam fungerte særs godt i hovudrolla som Johannes. Teaterstykket som vart spelt, skulle altså vere den levande utgåva av forfattar Jon Fosse sin roman Morgon og Kveld – som vart utgitt i 2001. Johannes er fiskar, og vi møter han både om morgonen og kvelden. Altså er morgonen ved vogga, heilt i starten av livet til Johannes, og kvelden er då Johannes skal over til den andre sida. Vidare gjorde dette at vi i publikumet fekk eit godt og forståeleg innblikk i Johannes sitt liv.

Stig Amdam og Thomas Vågenes
Amdam og meg.

Teaterstykket varte i éin time. Etter teaterstykket måtte godaste Torill Vågenes (mora mi) fleire gongar heidre Amdam sin gode formidlingsevne.

Mora mi ved inngang:

Torill Vågenes

Ved inngangen fekk eg òg møte to av Hordaland Teater sine arbeidarar bak kulissane. Ved inngangen, ansvarleg for kjøp av billettar, sat profesjonelle Emina Coch. Under den korte, men hyggjelege praten eg fekk med ho, fortalde ho at ho er 28 år og bur i Bergen. På spørsmål ifrå meg svarte ho at det var kjekt å kome ut her i distriktet (sjølv om Meland ikkje er nokon ting i forhold til Fedje og Gulen, haha….), men at å bu her heller vert aktuelt når ho vert eldre.

Til venstre i biletet nedanfor ser dykk Coch, medan Hordaland teater sin inspisient på Mølla denne kvelden er til høgre i biletet. Det er Tina Engedal, ho er 34 år. Eg behøvde ikkje spørje ho kva ein inspisient er, for det visste eg ifrå eiga erfaring. Ein inspisient er altså ein som sørgjer for at alt går som det skal – til dømes å sjå til at alle skodespelarane kjem på scena til riktig tid. Denne kvelden var det riktignok kun Amdam.

Emina Coch og Tina Engedal

Til stades var òg (ifrå venstre i biletet under) Ingunn Gjærde og Ingeborg Elin Kvamme. Ingunn Gjærde er utdanna statsvitar og har mellom anna tillegg i pedagogikk og har arbeida som journalist, medan ho no er kommunikasjonsrådgjevar for Alver kommune. Denne kvelden var det Gjærde som fekk lokka med seg Kvamme til teaterstykket. Kvamme arbeider som lærar i Austrheim kommune, og er veninne med Gjærde.

Til opplysning er altså Gjærde min arbeidsgjevar under denne nynorskblogginga    

Ingunn Gjærde og Ingeborg Elin Kvamme

Eg må skrive at sjølv om gjennomsnittsalderen til publikum denne kvelden verka å vere ein del høgare enn min alder (som er 17), var dette teaterstykket ganske okei. NB! For all del ikkje grunna min arbeidsgjevar gjennom denne betalte nynorskblogginga, ho og veninna Kvamme var berre 2 av cirka 70 publikumarar – dei har ingenting å gjere med at eg kjem frem til den gjennomsnittsalderen på publikum.

😀

Då teaterstykket var ferdig, intervjua eg tre tilfeldige personar.

Det var desse tre damene:

Frå venstre: Thomas Vågenes, Ragna Midtbø, Arnhild Hatland og Wenche Rand Øyre.
Frå venstre: Meg, Ragna Midtbø, Arnhild Hatland og Wenche Rand Øyre

Hatland og Rand Øyre hadde nyleg lese romanen Morgon og Kveld, medan Midtbø sa at framsyninga med Amdam i hovudrolla var imponerande lik boka. Midtbø kunne ikkje peike på nokon vesentleg ulikskap mellom romanen (boka) og framsyninga.

Sidan framsyninga starta med at Amdam i hovudrolla som Johannes sa to ord; frå inkje og slutta med at Amdam sa to ord; til inkje stod eg, Midtbø og Rand Øyre eit kort minutt og diskuterte og filosoferte på kvar vi menneske kjem ifrå, og kvar vi var før vi vart fødde. Vi la fram våre tankar om det – men vi kan neppe forvente løn for vellukka forsking.

Etter framsyninga fekk Stig Amdam blomster ifrå Alver kommune:

I tillegg kom Martin Årseth frå avisa Nordhordland innom for å ta ein kjapp prat med meg om det å vere nynorskbloggar, i tillegg til at avisa Nordhordland sjølv ville dekke framsyninga. Seinare vil det òg verte eit intervju mellom Årseth, og meg og nokre andre av ungdommane som bloggar nynorsk. Det er kjekt at i alle fall èi av lokalavisene er aktive i lokalmiljøet og viser at dei er opptekne av oss unge også!

Martin Årseth ifrå avisa Nordhordland:

Martin Årseth

#Mølla #Teater #Nynorsk

Nynorskbloggar: Under Nynorskdagane i Alver skal fem ungdommar vere bloggarar for ein dag. Nynorskbloggaren skal dele sine erfaringar frå eit av arrangementa under Nynorskdagane. Desse skal blogge: Thomas Vågenes (17 år), André Kamau (18 år), Aurora Grøttveit (14 år), Thea Søreide (14 år) og Sandra Sylta (16 år).

Close Menu