Perfekt  uperfekt

Perfekt uperfekt

Av Aurora Grøttveit (14), nynorskbloggar

Heilt sidan eg var lita har eg elska å teikne, men.. haha.. talent i teikning kan eg sjå langt etter! Sjølv er eg litt for opptatt av at alt skal vere plettfritt, og ganske kritisk til mine eigne blyantstrekar. Å dra på eit teikneseriekurs trur eg skal bli veldig spennande og utfordrande. Mitt store spørsmål er difor: kan denne teikneserieskaparen få meg, ein skeptisk nybyrjar, til å teikne slik at perfeksjonisten i meg blir nøgd?

Eg var heilt ærleg utruleg nervøs då eg skulle inn på dette kurset. Eg er jo trass alt tenåring og kjenner på alt dette presset om å gjere det bra i alt ein deltek i. Ikkje minst var eg redd for å skuffe Jens Styve, den profesjonelle teikneserieskaparen. Latterleg, sant? Kvifor skulle eg skuffe ein som var komen for å lære meg? Var han ikkje der med glede? Wow, av og til kan eg innrømme at eg er ganske tåpeleg.

Kurshaldar Jens Styve.
Kurshaldar Jens Styve.

Det å vere på teikneseriekurs var mykje betre enn eg hadde trudd. Å få litt profesjonell rettleiing var utruleg interessant. «Jens Proff» var jo sjølvsagt rå! Han gav oss i oppgåve å teikne ei 8 siders teikneserie på tidspress. Tidspress! Idealet om å lage den perfekte teikneserie stripa måtte eg leggje vekk med ein gong.  No fekk eg sett fantasien på prøve.

Dette var utfordrande, men faktisk artig. For kvar økt kjende eg meir og meir mestring. Eg kosa meg! Halvvegs hadde vi ei lang økt med å skrive vidare på kvarandre sine historier. Det var definitivt min favoritt! Fokuset på å gjere det finast vart mindre. Vi skulle gjere det saman, og vi skulle gjere det morosamt. Dette var uventa og mykje kjekkare! Gleda av å sitte og le av ein bra teikneserie alle hadde strekane sine i, var betre enn å stresse med å prøve å lage den perfekte teikninga åleine.

Korleis kunne eg vite at dette skulle minne om mitt fjortisliv? For når ein tenkjer over det, blir livet betre når ein slutter å fokusere på det perfekte, og heller inkluderer fleire til å påverke det.

Dette vart heilt perfekt uperfekt!

Aurora Grøttveit og teikneserieskapar av Dunce, Jens Styve.
Aurora Grøttveit og teikneserieskapar av Dunce, Jens Styve.

Nynorskbloggar: Under Nynorskdagane i Alver skal fem ungdommar vere bloggarar for ein dag. Nynorskbloggaren skal dele sine erfaringar frå eit av arrangementa under Nynorskdagane. Desse skal blogge: Thomas Vågenes (17 år), André Kamau (18 år), Aurora Grøttveit (14 år), Thea Søreide (14 år) og Sandra Sylta (16 år).

Close Menu