Har  du  innspel  til  anleggsstrategien?

Har du innspel til anleggsstrategien?

Vi har samordna dei tre idrettsplanane til Radøy, Meland og Lindås. Fram til 29. september kan du komme med dine innspel.

Idrettsråd, nabokommunar, fylkeskommunen, Bergen og Omland Friluftsråd, Den Norske Turistforening, Norges Jeger- og fiskeforbund og idrettskretsen har fått dokumentet til gjennomsyn. Høyrer du til eit lokalt lag eller organisasjon, og ønskjer å komme med innspel? No har du sjansen!

Klikk her for å lese utkastet til anleggsstrategi for Alver 2020-2024.

Kva er ein anleggsstrategi?

Anleggsstrategien er utarbeidd som del av bygginga av nye Alver kommune.  Arbeidet har vore organisert som eit fagprosjekt med administrativ styring, og er ei samordning av idrettsplanane i dei tre kommunane som skal verte ein.

Strategien inneheld ein handlingsdel for bygging av anlegg, med prioritert rekkefølgje,
tematiske strategiar og rammeverk for samhandling mellom kommunen og idretten.

Strategien dannar grunnlag for prioriteringar av søknadar om spelemidlar i åra 2020-2024,
kontinuitet i utbygginga av idretts-, frilufts- og nærmiljøanlegg, og samordnar tematiske føringar og tiltak i påvente av kommunal plan for idrett i Alver kommune.

Slik kan du bidra

Innspela kan du sende til postmottak@meland.kommune.no.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med kultursjef Eirik Bouwer Utne på 934 13 089.

Frist: 29. september.

Close Menu