Lokal  konsert  med  Tom  Roger  Aadland  og  Nicolay  Leganger

Lokal konsert med Tom Roger Aadland og Nicolay Leganger

I dag, søndag ettermiddag, kom viserockaren Tom Roger Aadland til Hundvin-bygda.

Av Thomas Vågenes (17), nynorskbloggar

Det var vår lokale viserockar (Johan) Nicolay Leganger, frå Strilen artist- og viseklubb som var vertskap.

Eg vart møtt av dette:

Stallen
Stallen

Dette er no visestallen, tidlegare ein stall, som er vorten pussa opp av Legangers kone og svoger (altså broren til kona).

I visestallen er det låtskrivarforum kvar månad. Alle med sans for lyrikk eller poesi bør vurdere å melde si interesse til (Johan) Nicolay Leganger! NB; Har ein eigenskapar som til dømes effektiv og atletisk finst det også andre hobbyar!

Nicolay Leganger i sitt ess under framsyninga av ``Gi meg mer!``
Nicolay Leganger i sitt ess med songen «Gi meg mer!».

Ein klokketime på dette arrangementet no i kveld var litt interessant, spesielt for ein som ikkje bedriv viserock eller poesi (altså meg). 😀

HEILT TIL SLUTT; i dag har har eg i alle fall fått bekrefta at det finst mykje meir i lokalmiljøet der ein bur enn ein skulle tru!

#kultur #NokoForUngdom? #distriktet

Nynorskbloggar: Under Nynorskdagane i Alver skal fem ungdommar vere bloggarar for ein dag. Nynorskbloggaren skal dele sine erfaringar frå eit av arrangementa under Nynorskdagane. Desse skal blogge: Thomas Vågenes (17 år), André Kamau (18 år), Aurora Grøttveit (14 år), Thea Søreide (14 år) og Sandra Sylta (16 år).

Close Menu