Desse  skal  vere  nynorskbloggarar

Desse skal vere nynorskbloggarar

I løpet av nynorskdagane skal fem ungdommar få boltre seg med bloggsjangeren.

Vi har utfordra ungdomen til å vere bloggar for ein dag, og dele sine erfaringar frå eitt av arrangementa under Nynorskdagane.

– Vi synest det er utruleg stas at fem flinke ungdommar skal skrive om arrangementa under Nynorskdagane, seier Bente Kopperdal Hervik, ansvarleg for Nynorskdagane.

Nynorskdagane går av stabelen 13. til 22. september. I løpet av veka vil ungdommane publisere tekst, foto og video frå kvar sitt arrangement. Blogginnlegga kjem på www.alverkommune.no.

Nynorskbloggarane:

Thomas Vågenes (17 år)

André Kamau (18 år)

Aurora Grøttveit (14 år)

Thea Søreide (14 år)

Sandra Sylta (16 år)

– No gler vi oss til å sjå ungdommane sitt blikk på nynorskdagane, seier Hervik.  

10 dagar med nynorskglede

Nynorskdagane i Alver er ei mønstring av arrangement og aktivitetar som skal løfte fram og feire nynorsken i den nye kommunen. Mønstringa er eit samarbeid mellom kommunane Lindås, Meland og Radøy og andre kulturaktørar i det som vert Alver kommune.

Følg Nynorskdagane i Alver på facebook: Vi Byggjer Alver kommune, og på Instagram @nynorskdagane2019.

Bilete: Unge nynorskbloggarar tek fram penn, papir og kamera. Frå venstre er tre av våre fem nynorskbloggarar; Thea Søreide, André Kamau og Thomas Vågenes.

Close Menu