Sara  opna  nynorskdagane  i  Alver

Sara opna nynorskdagane i Alver

– Det er naturleg for oss å feire nynorsken med nynorskdagar. Nynorsken fortener det, sa Sara Hamre Sekkingstad, påtroppande ordførar i Alver kommune, då ho stod for den offisielle opninga av nynorskdagane og nyopning av bokbussen i Alver kommune.

Nynorskdagane er ein del av kultur- og aktivitetsprogrammet til Alver kommune. Under opninga på Manger framheva Sara Hamre Sekkingstad nynorskdagane som ei vidareføring av det beste frå dei tre noverande kommunane, som alle er trygge nynorskkommunar. Ho peika på at i arbeidet med å byggje éin kommune er det viktig å spele på den felles identiteten vi har.

– Levesettet har vore likt, dialekten er nokså lik, og musikkulturen og nynorsken er noko av det vi har til felles i dei tre kommunane, sa Sekkingstad, som la til at ho er stolt av det nynorske skriftspråket.

Sara Hamre Sekkingstad stod også for «nyopninga» av bokbussen, som no skal ha regelmessige stopp på i alt 14 skular og 26 barnehagar i heile Alver. Bokbussen er tenkt å fungere som eit viktig supplement til skulebiblioteka og som eit første møte med folkebiblioteket for mange. 

Kulturminister-helsing

Under opninga i utstillingshallen på Radøy ungdomsskule gratulerte kulturministeren Alver med nynorskdagane i ei videohelsing.

– Språket vårt er kjempeviktig for alle. Dialekten er identiteten vår og måten vi skriv på seier også noko om oss. At de i Alver er med på å løfte nynorsken med eit eige arrangement som dette her, synes eg er kjempeflott. Masse lukke til med å løfte språket og nynorsken, sa Trine Skei Grande.

«Fela bale»

Dei frammøtte fekk også oppleve Radøy-bandet «Fela bale» i aksjon for aller første gong. Minikonserten inneheldt sjølvskrivne låtar med lokalt tilsnitt og ein god dose humor. Karane seier sjølv at dei har henta inspirasjon frå Vinskvetten, og det er ingen stor spådom at denne gjengen vil vi få høyre meir frå.

Opninga av nynorskdagane i Utstillingshallen på Radøy ungdomsskule baud også på ein svært så lokal rebus og forfriskingar.

Har lese til den store gullmedaljen

Under Nynorskdagane blir det også fleire skulearrangement og arrangement for eldre på institusjonane.

Sjetteklassar ved fem barneskular i Alver har i nesten fjorten dagar lese nynorske barnebøker til den store gullmedaljen, og har kome opp i tilsaman 30 752 sider.

– Hjelpe meg kor mykje dei har lese på så kort tid, seier biblioteksjef Marit-Gro Berge då ho kåra 6.klasse ved Knarvik barneskule som vinnar med i snitt 509 sider per elever. Klassen vil få besøk av ein kjend nynorskforfattar.

Under opninga av nynorskdagane laurdag vart også bokbussen presentert med ny fasade. Silje Namtvedt er omreisande bibliotekar (i prat med Sara Sekkingstad) og Jarle Hodnekvam er bokbussjåfør.
Under opninga av nynorskdagane laurdag vart også bokbussen presentert med ny fasade. Silje Namtvedt er omreisande bibliotekar (i prat med Sara Hamre Sekkingstad) og Jarle Hodnekvam er bokbussjåfør.
Close Menu