Pangstart  for  barna  i  Alver

Pangstart for barna i Alver

Laurdag 14. september er det duka for offisiell opning av nynorskdagane i Alver, og lansering av bokbussen i heilt ny drakt.

Opninga går føre seg på parkeringsplassen ved Radøy ungdomsskule, og her vert det mellom anna konsert med gruppa Fela bale frå Radøy, som lagar fengande låtar på striledialekt. Det vert og rebusløype og gratis is til alle. Nokre overraskingar dukkar og opp.

Bokbussen, som no køyrer i Lindås og Meland, får ny fasade og får sjølvsagt nemninga Bibliotekbussen i Alver! Eigennamnet Nyfiken følgjer med vidare.  

Rullande bibliotek

Etter opninga vil bussen køyre i alle dei tre kommunane, og i alt vil 14 barneskular og 26 barnehagar få regelmessige besøk av det rullande biblioteket kvar 14. dag. Biblioteksjef Marit-Gro Berge fortel at gjennom prosjektet «Strilabiblioteket» er biblioteka i Meland, Lindås og Radøy i full gang med å samordne tenestene fram mot Alver kommune.

– Både skular og barnehagar som får besøk i dag melder at barna gler seg til bokbussen kjem, og bokbussbibliotekar Silje Namtvedt og bokbussjåfør Jarle Hodnekvam ser fram til å møte endå fleire glade barn i Radøy, seier Berge.

Viktig tilbod til barna

Bokbussen er tenkt å fungere som eit viktig supplement til skulebiblioteka og som eit første møte med folkebiblioteket for mange. Før Nyfiken i si tid vart kjøpt inn i Lindås, hadde biblioteket ei undersøking blant skulane om bokbussdrift.

– Tilbakemeldingane var overveldande positive; bokbussen var ein viktig del av skulekvardagen. Ikkje berre vart bussen rekna som eit sentralt lesestimulerande tiltak, men mange såg og på bussen som ein del av det pedagogiske tilbodet, forklarar Berge.

I den seinare tida har bokbussen i Lindås vektlagt formidlingsarbeidet gjennom å ha litteraturformidlarar i form av bibliotekar og teaterarbeidarar med på bussen. Dette er innslag som vi vil vidareføre i åra som kjem.

10 dagar med nynorskglede

Nynorskdagane i Alver er ei mønstring av arrangement og aktivitetar som skal løfte fram og feire nynorsken i den nye kommunen. Mønstringa er eit samarbeid mellom kommunane Lindås, Meland og Radøy og andre kulturaktørar i det som vert Alver kommune.

Følg Nynorskdagane i Alver på facebook: Vi Byggjer Alver kommune, og på Instagram @nynorskdagane2019.

FAKTA:
Bokbusstilbodet har utvikla seg i tråd med samfunnsutviklinga elles. Det første busstilbodet som kom i 1986 var eit samarbeid mellom BNR og kommunane Lindås, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Etter kvart trekte dei minste kommunane seg frå samarbeidet, og Osterøy og Lindås fekk eigne bokbussar. Ved oppstarten fungerte bussen som ein folkebibliotekfilial og hadde mange stopp på ettermiddags- og kveldstid. Etter som folk vart meir mobile og i større grad sjølv reiste inn til hovudbiblioteka i kommunane, endra tilbodet seg til å bli ein barnebokbuss retta mot skular og barnehagar. Samstundes har alle som bur i nærleiken av stoppa høve til å tinge bøker frå hovudbiblioteka, som bussen kan ta med.

Biletet: Trond Dalseide, Marius Blomkvist og Kjell Mellingen ved Reklamehuset jobbar på spreng for å få bokbussen ferdig til opninga av Nynorskdagane i Alver, laurdag. Biblioteksjef Marit-Gro Berge får ein snikkikk på arbeidet.

Close Menu