Olaf  får  ansvaret  for  400  lærarar  og  22  rektorar

Olaf får ansvaret for 400 lærarar og 22 rektorar

Han har vore undervisningsinspektør i Meland, rektor i Lindås og kommunalsjef i Radøy. No får Olaf Michal Hella rolla som tenesteleiar for skule i Alver. 

– Noko av det viktigaste vi skal gjere framover er å jobbe med profesjonsfellesskapet, seier Hella.

Skuleåret er i full sving, og for lærarane betyr nytt skuleår ikkje berre at nye elevar kjem. Dei får og eit breiare fagleg nettverk når tre kommunar blir til ein. Dei 22 rektorane hadde i førre veke si første fellessamling.

– Utover hausten skal vi jobbe med visjonen for opplæring i Alver, slik at vi får ei god pedagogisk plattform, fortel Hella. 

Meir musklar

Sjølv bur Hella i Knarvik, og har tidlegare hatt stillingar i alle Alver-kommunane. Han har vore undervisningsinspektør ved Vestbygd skule, rektor ved Knarvik ungdomsskule og kjem no frå stillinga som kommunalsjef for oppvekst i Radøy.

– Alver blir ein kommune med meir musklar. Vi ønskjer å lette noko av det administrative trykket skuleleiarane har. Slik kan skulane fokusere på det viktigaste, nemleg pedagogikken, seier Hella. 

Ved nyttår kjem overgangen til Alver. Intensjonsavtalen som er gjort mellom kommunane er gjeldande i fem år. Der kjem det tydeleg fram at alle skulane i Alver blir liggjande der dei er i dag. Lærarane og skuleleiinga kjem til å jobbe på same staden etter 1.1.2020, som dei gjorde før årsskiftet.

– Ein del sektorar i kommunane har jobba med innplassering. Skulesektoren har kunna fokusert på samkøyringa av rutinar. Vi har ei prosjektgruppe som blant anna ser på overgangar for elevar med spesielle behov, vaksenopplæringa, SFO og rutinar for overgangen mellom barnehage, skule og vidaregåande, forklarer Hella.

Byggjer nye nettverk

Onsdag hadde rektorane i Alver si første fellessamling. På programmet stod både bli kjent-runde, diskusjonar om læringsmiljø og førebuingar til nasjonale prøvar.

Rektor ved Meland ungdomsskule, Hilde Brendehaug Hugaas, synest det var fint å få ein felles møteplass.

– Det er flott å få jobbe saman med andre ungdomsskular. I dag har vi fått gode avklaringar, og vi har prata om forventningar for samarbeidet, fortalde Hugaas.
– Det er flott å få jobbe saman med andre ungdomsskular. I dag har vi fått gode avklaringar, og vi har prata om forventningar for samarbeidet, fortalde Hugaas.

I Meland er det berre to ungdomsskular i dag. Gjennom rektorsamlingane får Hugaas no eit nettverk med dei fem andre ungdomsskulane i Alver. 

Viggo Bjørge, rektor ved Kløvheim skule og Wenche Rand Øyre, rektor ved Ostereidet ungdomsskule.
Viggo Bjørge, rektor ved Kløvheim skule og Wenche Rand Øyre, rektor ved Ostereidet ungdomsskule.
Ståle Villanger, rektor ved Hordabø skule, og Inger Morken Ellingsen, rektor ved Manger skule.
Ståle Villanger, rektor ved Hordabø skule, og Inger Morken Ellingsen, rektor ved Manger skule.

 Elevane i sentrum

Framover skal Hella og skulesektoren arbeide med stab, støtte og leiarstruktur.

– Vi synest vi har komme godt i gang. Utviklingsgruppene driv og planlegg ein kursdag for alle 400 Alver-lærarane, forklarer Hella smilande.

Han synest det er utruleg spanande å få vere med på bygginga av Alver, og fellesskapet som no blir bygd i skulesektoren. Struktur og leiing er viktig for å skape ein best mogleg læringsarena for barn og unge.

– På skulane våre skal vi gjere elevane i stand til å møte den ukjente framtida. 60 prosent av jobbane som førsteklassingane kjem til å ha, finst gjerne ikkje endå. Elevane skal få mykje kunnskap og kompetanse med seg i sekken, slik at dei kan ta gode val for framtida, seier ein engasjert tenesteleiar.

Morten Olsen Schulstad er rektor ved Knarvik ungdomsskule og ser fram til fleire rektorsamlingar.
Morten Olsen Schulstad er rektor ved Knarvik ungdomsskule og ser fram til fleire rektorsamlingar.
Close Menu