No  er  ordførarløna  bestemt

No er ordførarløna bestemt

I fellesnemnda måndag vart den politiske styringsstrukturen for Alver kommune vedteken.

Alver sin første ordførar skal tene det same som ein stortingsrepresentant (956.463 kr), og varaordføraren skal bli løna til ei 60 prosent stilling. Det var nokre av rammene for den politiske strukturen som fellesnemnda blei samde om i møtet måndag.

Ei politisk styrt prosjektgruppe har jobba med å utarbeide den politiske styringsstrukturen og dei etiske retningslinjene for Alver kommune. Prosjektgruppa har vore leia av Kenneth Murberg (H).

Kenneth Murberg (H) i samtale med Jon Askeland (Sp).
Kenneth Murberg (t.v.) frå Høgre i samtale med Jon Askeland i Senterpartiet.

Rammeverket vedtatt

Det var stor semje om at prosjektgruppa hadde gjort eit godt stykke arbeid, men nokre justeringar vart gjort etter at utgangspunktet blei presentert. Nina Bognøy (biletet øvst) fremja blant anna eit forslag på vegner av Arbeidarpartiet om at ordførarløna skulle senkjast.  

Forslaget til prosjektgruppa var å gi ordførar 110 prosent av løna til ein stortingsrepresentant, og ha ein varaordførar i 50 prosent stilling. Etter diskusjonar i fellesnemnda fatta politikarane vedtak om å utvide varaordførarstillinga til 60 prosent, og senkje ordførarløna.     

Politisk styringsstruktur omhandlar alt frå tidspunkt på møta, til korleis ein skal røyste, kva ansvarsområde utvala skal ha og kor mange medlem ungdomsrådet skal ha. Det nye ungdomsrådet får 15 medlem.  

Dei 47 kommunestyrepolitikarane i Alver fordeler seg på fleire utval. I tillegg til formannskapet får Alver utval for:

  • Oppvekst, kunnskap og kultur
  • Helse og omsorg
  • Areal, plan og miljø
  • Næringsutvikling og drift

Planstrategi og næringsutvikling

Kristin Nåmdal, tenesteleiar for plan og analyse, gav politikarane ei løypemelding om arbeidet med planstrategien i Alver. Allereie no har plan- og analyseavdelinga laga eit utfordrings- og moglegheitsdokument som skildrar kva fordelar vi får i den nye kommunen vår.

– Planstrategien blir vedteken av kommunestyret i Alver. Det er i planstrategien politikken ligg, sa Nåmdal.

– Det er flott med ein offensiv planstrategi for ein ny kommune som Alver. Nokre problemstillingar og nokre sakn er det likevel, kommenterte Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

Ei samrøystes fellesnemnd vedtok at områdeplanen for Lindås må inn i planstrategien.

Alverbuen skal få gode moglegheiter til å komme med forslag og idéar før dei nye kommunestyrepolitikarare fattar eit vedtak. Fellesnemnda sender no over eit dokument til det nye kommunestyret. Dette dokumentet legg grunnlaget for det vidare planarbeidet.

Andre saker:

  • Eigarmelding: Etter forslag frå Øyvind Oddekalv (Ap) vedtok fellesnemnda at kommunestyrepolitikarar ikkje skal sitje i styre i kommunale aksjeselskap og interkommunale selskap. Dette grunna utfordringar med habilitet.
  • Næringsutvikling i Alver: Næringssjef Tanja Hoel fortalde om korleis nærings- og utviklingsavdelinga blir organisert. I tillegg samarbeider vi med Høgskulen på Vestlandet for å få meir kunnskap om næringslivet i Alver. Smart spesialisering handlar om å byggje vidare på den kompetansen, det næringslivet og dei ressursane som allereie er til stade i regionen. Slik kan de utvikle nye nisjer og næringsområde, sa Jens Kristian Fosse, prodekan ved Høgskulen på Vestlandet.
Jens Kristian Fosse og Høgskulen på Vestlandet samarbeider med kommunen om ein rapport om næringslivet.
Jens Kristian Fosse og Høgskulen på Vestlandet samarbeider med kommunen om ein næringsanalyse av Alver.
  • Barnevern: Radøy-rådmann Jarle Landås orienterte om ei utgreiing. Austrheim og Fedje har ytra ønskje om å inngå eit samarbeid om kommunalt barnevern. Alver vil då kunne bli vertskommune for barnevernet i kommunane.

Fellesnemnda skal møtast to ganger til, før overgangen til Alver. Det første møtet er eit økonomiseminar 30. september, før fellesnemnda har sitt siste møte 7. oktober.

Alver kommunestyre har følgjande møteplan før jul:

17. oktober, 31. oktober, 14. november, 28. november og 19. desember.

Close Menu