Vi  søkjer  ungdomsbloggarar!

Vi søkjer ungdomsbloggarar!

Går du på ungdomsskulen eller vidaregåande og likar å skrive og fotografere?

Under nynorskveka (13.-22. september) ønskjer vi å gi ungdommar moglegheita til å vere bloggar for ein dag.

Dette skal du gjere

– Gå på eitt arrangement under nynorskveka. Programmet finn du ved å klikke her.

– Lage eit blogginnlegg vi kan leggje ut på www.alverkommune.no etter arrangementet. Formatet er opp til deg. Likar du best å skrive, ta bilete eller er du glad i å lage video? Du bestemmer! Bilete med mobil går heilt fint.

Kva får du?

– 750 kroner

– God erfaring og attest

– Publisering av innlegget på www.alverkommune.no

– Delta på eit kjekt kulturarrangement!

Slik søkjer du

Søknadsfristen gjekk ut søndag 8. september.

Vi ønskjer unge alverbuar frå ulike delar av Alver kommune, og i ulike aldrar.

Er det noko du lurer på?

Ta kontakt med Ingunn Gjærde, ingunn.gjerde@lindas.kommune.no, 918 03 962.

Close Menu