Venene  betyr  alt  for  Ragna  (14)

Venene betyr alt for Ragna (14)

Sjølv om Ragna Fineid har sånn cirka 1000 jarn i elden, hadde ho ikkje klart seg utan vener.

Ragna Fineid sine vener omtalar henne som modig , snill og morosam. – Utan venene mine hadde eg sett på Nettflix dagen lang, trur Ragna.

«Det har eg ikkje gjort før, så det klarar eg sikkert» står det skrive med store svarte bokstavar på den knall lilla døra på Ungdomens Hus på Manger. Eit sitat frå Astrid Lindgrens verd, i ekte Pippi Langstrøpe-ånd.  Litt slik er det nok med Ragna Fineid (14) også. I alle fall om vi skal tru hennar to beste venninner, Karen Margrethe og Lily, som omtalar ho som ei modig jente.

– Ho har veldig mykje energi, og er den som vågar mest. Ho er alltid den som hoppar fyrst uti vatnet når vi skal bade og som alltid klatrar høgast opp i trea, fortel Lily May Farrow, og smiler mot Ragna. Ho legg til at Ragna er veldig snill og morosam, og dessutan har smittande energi.

Den tredje venninna i trekløveret, Karen Margrete Frantzen, er heilt einig. Ho fortel at venninna alltid kjem opp med gode idear til kva dei tre kan finne på.

– Vi ler mykje saman med Ragna. For ei stund sidan gjekk vi forbi nokre hestar. Vi kosa masse med dei. Så fann Ragna ut at ho skulle sitje oppå den eine hesten. Det gjekk fint ei stund, men så sprang plutseleg hesten av garde og Ragna datt av. Då lo vi mykje, fortel ho, og på mobilen, som aldri er langt unna, viser ho fram eit flott bilete av Ragna på hesten i solnedgang. No er dei tre nettopp ferdige på skulen, og spelar kortspelet «Anti Human», ei vidareutvikling av «politisk ukorrekt» på ungdomsklubben.

På ungdomsklubben spelar jentene kortspelet «Anti Human», ei vidareutvikling av «politisk ukorrekt».

Ragna bur på eit idyllisk småbruk på Toska. Dit flytta familien frå Tertnes for fem år sidan.

– På Tertnes var det meir folksamt, medan her er det nært og alle kjenner alle. Likevel er det mykje som skjer og veldig sosialt, fortel Ragna. Ho synest det er nok av tilbod for unge, sjølv går ho i ungdomsklubben der ho sit i klubbstyret og på turn ein dag i veka. Ho er også i ungdomsrådet, og er såkalla UNG-motivator, der ho har timar med 7. klasse og snakkar om det å vere forbilde for andre.

– Mot for meg handlar heilt enkelt å bry seg om andre og vere snill, seier ho enkelt. I tillegg til organiserte aktiviteter driv Ragna med noko ganske unikt, nemleg «tissue»; ein form for luftakrobatikk i silkeband, ofte høgt over bakken. Over trampolinen i hagen heime trener ho så ofte ho kan.

– Det var søstera mi som lærte seg teknikken då ho gjekk på sirkusskule i Bergen. Så lærte ho det vidare til meg, og sidan gjekk vi på kurs då vi budde i Wimbledon i fjor haust, fortel ho.

Høgtsvevande scenekunst

Luftakrobatikken tok ho til Ungdommens Kulturmønstring i vår, og med den kom ho også  vidare til fylkesfinalen og derifrå til landsfestivalen. Programmet sydde ho saman etter å ha blitt inspirert av ulike videoar på You Tube, og ho gledde seg til å vise fram programmet på ei scene for fyrste gong.

– Eg var spent på førehand. «Tissue» krev at du er sterk og klarer å surre deg i stoffet raskt og på rett måte. Men på scena blei det på ein måte enklare enn heime. Eg fekk så mykje energi frå folka i salen, fortel ho glad. No gler ho seg til landsmønstringa der ho skal opptre saman med ein gut som skal synge medan ho utøver tissue.

– Eg har ikkje fått øvd saman med han, så det blir spanande, seier ho smilande.

Ragna driv ein form for luftakrobatikk som kallast tissue. Ho øver over trampolina heime på Toska.

Vener betyr alt

I huset på Toska er det folksamt med mamma Torunn, pappa Ivar, tvillingane Audun og Solveig (16) og fostersystera Lulia (14). I tillegg har familien hundane Fredrik og Mads Magnus, katten Baltazar og sauer på garden. Ikkje sjeldan har Ragna dei to venninnene, som bur på Austmarka og Sæbø, heim frå skulen.

– Vi finn på heilt «randome» ting, det vert ein del turning. Vener er utruleg viktig for meg. Hadde eg ikkje hatt vener hadde eg sikkert site heime og sett «Friends» på Nettflix heile dagen, skrattar ho.

På turn kvar måndag treff Ragna vener frå andre skuler.

– Eg har turna sidan eg var 2-3 år gamal, og det er kjekt at vi har tilbod om det her eg bur.  I vekedagane turnar jentene gjerne på fotballbana på Manger etter skulen, eller dei heng ved badeplassen ved Nesvatnet.

– Det eg likar med heimstaden min er at det er roleg her, og ikkje så langt til Bergen. Det er trygt og koseleg her. Om det er noko eg saknar måtte det vere eit betre busstilbod, seier Ragna etter å ha tenkt seg om ei stund.

– Ja, eller betre vèr, skyt Karen inn, og får dei to andre med seg ut på graset for å turne meir.

Ved Nesvatnet på Radøy er det mykje å finna på, og jentene er der mykje som sommaren.

Gjennom portrettserien «Folk i Alver» vil vi at du skal bli litt betre kjent med menneska som bur her og livet deira. Folka i Alver er berebjelken i den mangfaldige og levande kommunen vår. 

Close Menu