Feirar  frivilligheita  og  nynorsken

Feirar frivilligheita og nynorsken

Onsdag 28. august kjem det tredje Kultur- og aktivitetsprogrammet til Alver i posten. Nynorskdagane er ei av storsatsingane denne hausten.

Kulturprogrammet blir det siste i rekkja, då den siste programposten er på nyttårsaftan.

– Dette tredje kultur- og aktivitetsprogrammet viser veg til mellom anna konsertar, utstillingar, turar, opplevingar og samlingar. Med Alverdagen skapar vi ein møteplass for frivilligheita i heile den nye kommunen, og ein plass der du kan komme og sjå kva som rører seg i Alver, seier kultursjef i Alver, Eirik Utne.

Han håper mange lag og organisasjonar vil stilla med stand, og trur Alverdagen blir eit flott høve til å visa kva ein driv med på ein spanande og kreativ måte.

Nynorsk-feiring

Og så er det duka for dei fyrste Nynorskdagane i Alver – halvanna veke til ende i nynorskens teikn, der skriftspråket i Alver og Nordhordland skal feirast.

– Dette er ei mønstring av arrangement og aktivitetar som skal løfte fram og feira nynorsken i den nye kommunen, fortel Bente K. Hervik, som er leiar for arbeidsgruppa for Kultur- og aktivitetsprogrammet.

Mønstringa går føre seg 13.-22. september, og er eit samarbeid mellom kommunane og det frivillige kulturlivet i det som vert Alver kommune.

Av innhald nemner Hervik teikneseriekurs for ungdom, forfattartreff, teaterframsyningar for born og vaksne, språkhistorisk kveld, songstunder med lokale barnesongar, konsertar og mykje anna.

Ho legg til at Nynorskdagane i Alver også har eit rikt tilbod til skuleklassar og barnehageborn, og tilbod til eldre på institusjon.

Klikk her for å lese heile kulturprogrammet, inkuldert programmet for nynorskdagane.

Kronhjorten til kunstnar Sunniva Myster lagar tråkka for kultur- og aktivitetsprogrammet gjennom hausten.
Kronhjorten til kunstnar Sunniva Myster lagar tråkka for kultur- og aktivitetsprogrammet gjennom hausten.

– Siste aktivitet ikkje sagt

Som om ikkje dette var nok skal Alvergenseren kårast, og ein kan vere med på Ullveka 2019 – den sjette i rekka. Kulturskulen feirar overgangen frå tre til ein i oktober med eiga framsyning, og Strilabiblioteket sydar av aktivitet.

– Eg ynskjer at folk skal kose seg med kultur- og aktivitetsprogrammet, og sjølv om dette er det siste av sitt slag, så er eg heilt sikker på at siste aktivitet ikkje er sagt på nyttårsafta – tvert i mot. Alver er full av flotte folk som bryr seg om at vi må ha gode aktivitetar, møteplassar og opplevingar, i eit samfunn der det er godt å leve og bu, seier kultursjef Eirik Utne.

Strilabiblioteket sydar av aktivitet gjennom hausten, og under nynorskdagane tilbyr dei eit rikt og variert program for alle aldersgrupper. Strilabiblioteket fekk nyleg utmerkinga Årets bibliotek 2018 i Hordaland (Foto: Ingunn Gjærde).
Strilabiblioteket sydar av aktivitet gjennom hausten, og under nynorskdagane tilbyr dei eit rikt og variert program for alle aldersgrupper. Strilabiblioteket fekk nyleg utmerkinga Årets bibliotek 2018 i Hordaland (Foto: Ingunn Gjærde).

Biletet øvst: Måndag 16. september held Jens K. Styve teikneseriekurs for ungdom under Nynorskdagane i Alver. Hjelmåsingen har gjort braksuksess med teikneseriestripa Dunce, som er landets einaste humorserie på nynorsk. (Foto: Nicolas Tourrenc).

FAKTA:

Kultur- og aktivitetsprogrammet vert gjeve ut av kulturkontora i Lindås, Meland og Radøy, som frå 1. januar 2020 vert Alver kommune. Arrangementa og aktivitetane i dette heftet er samarbeid mellom kulturaktørar i dei tre kommunane, ei arrangementsrekkje i dei tre kommunane eller arrangement med tematikk eller storleik som gjer at heile Alver er nedslagsfelt. Arrangementa i dette programmet er berre ein liten del av alt som skjer innan for grensene til den nye kommunen. For fleire arrangement, sjå aktivitetskalenderen for Alver kommune på alverkommune.no/aktivitetskalender/.

Close Menu