Havbruk  –  ei  viktig  næring  for  Alver

Havbruk – ei viktig næring for Alver

Onsdag i førre veke var ordførar i Lindås, kommunetilsette og representantar frå næringslivet på synfaring ved Eide Fjordbruk. Her fekk dei innføring i korleis bedrifta har investert i utvikling av ny teknologi og nye metodar for å skape god fiskehelse og redusere miljøpåverknadar.

– Havbruk er ei viktig næring for å skape kompetansearbeidsplassar til lokalsamfunna våre i Alver. Næringa er stor på eksport, og bidrar til aktivitet og sysselsetting, seier Tanja Hoel, næringssjef i Alver kommune.

Havbruk er den mest veksande matproduksjonen i heile verda, og norsk kompetanse på området er ettertrakta i andre deler av verda. Noreg er i front når det gjeld innovasjon og utvikling. Innanfor berekraftige rammer ønskjer Alver å vere ein kommune som legg til rette for vidare vekst.

– Vi ønskjer at kommunen og andre deler av næringslivet har god kjennskap til havbruk. Eide Fjordbruk er eit selskap i sterk vekst, med godt omdømme, mange flinke tilsette og eigarar som er villige til å prioritere utvikling, fortel Hoel.

Næringssjef Tanja Hoel, ordførar Astrid Aarhus Byrknes og dagleg leiar i Eide Fjordbruk, Sondre Eide.
Næringssjef Tanja Hoel, ordførar Astrid Aarhus Byrknes og dagleg leiar i Eide Fjordbruk, Sondre Eide.

60 millionar fiskemåltid

Eide Fjordbruk har drive med fiskeoppdrett i over 45 år, og har hatt tradisjonar for matproduksjon sidan 1600- talet. Bedrifta har vore blant pionerane i næringa.

– Vi jobbar kvar dag for å utvikle næringa vi er ein del av, seier Sondre Eide, andregenerasjons oppdrettar og dagleg leiar av Eide Fjordbruk.

Bedrifta eksporterer til fire forskjellige verdsdelar, inkludert dei tre største marknadane for sjømat: EU, Japan og USA. Omlag tre millionar laks frå Eide vert selt på verdsmarknadane kvart år. Dette tilsvarer nær 60 millionar fiskemåltid.

– Eide Fjordbruk er eksempel på ein flott lokal støttespelar for vekst og utvikling i bygdesamfunna våre. Kvart år set dei av midlar til ulike lokale tiltak som skal gjera bygdesamfunna rikare på gode møteplassar, seier Hoel.  

Havbruk er eit satsingsområde i både samfunnsplanen og næringsplanen til Lindås kommune, og i den nye strategien for samfunnsutvikling i Alver. 

Eide Fjordbruk sin lokalitet i Fensfjorden.
Eide Fjordbruk sin lokalitet i Fensfjorden.

Samfunnsansvar

Havbruksnæringa er underlagt strenge lovar når det gjeld miljøkrav. Lova stiller blant anna krav til miljøovervaking, tiltak for fjerning av rømte organismar, opprydding etter enda drift og beskyttelse av bestemte område. Ei rekkje forskrifter er heimla både i akvakulturlova, matlova og forureiningslova som direkte og indirekte angår og regulerer miljøpåverkinga og drifta av ein oppdrettslokalitet.

– All informasjon om miljø og fiskehelse vert publisert ope og dagleg gjennom Barentswatch. Her kan alle innbyggjarar få innblikk i korleis havbruksnæringa på dei ulike lokalitetane får innsyn i miljøstatusen. Ingen andre næringar er så transperant på informasjon som havbruk, seier Tanja Hoel, som sjølv har bakgrunn frå bransjen.

Frå venstre: Kristoffer Duesund, Børge Brundtland, Baste Tveito og Tommy Gudbrandsøy.
Frå venstre: Kristoffer Duesund, Børge Brundtland, Baste Tveito og Tommy Gudbrandsøy.
Close Menu