Felles  utsending  av  partiprogram

Felles utsending av partiprogram

Alle husstandar i Alver får programma til dei politiske partia i ein felles konvolutt i desse dagar.

Alver kommune er først på plass 1. januar 2020, men allereie 9. september kan du vere med og avgjere kven som skal vere representantar i det første kommunestyret til Alver.

Elleve politiske parti stiller til val i dette historiske valet, og alle er med på fellesutsendinga.

Kvifor gjer vi dette?

Målet med utsendinga er å gi alle som blir innbyggjarar i Alver kommune den same moglegheita til å setje seg inn i kva dei ulike partia står for. Valstyret i Alver tok initiativ til ordninga.

– Vi trur at dette kan vere med å auke valdeltakinga, og på den måten styrke lokaldemokratiet i den nye kommunen vår, seier Astrid Aarhus Byrknes, leiar i valstyret.

Ikkje motteke konvolutt?

Klikk her for å finne dei elektroniske utgåvene av partiprogramma.

Partia pakka program på dugnad, for å få felleskonvoluttane klare til utsending.
Partia pakka program på dugnad, for å få felleskonvoluttane klare til utsending.

Slik kan du røyste

Fredag 9. september er den offisielle dagen for kommunestyre- og fylkestingval i Noreg. Vi har 21 røystelokale i Lindås, Meland og Radøy, dei same som ved sist val. Alle er opne frå klokka 12.00 til 20.00.

Kan du ikkje stemme fredag 9. september, les meir om røysting før valdagen på www.alverkommune.no/val.

Til og med 6. september kan du førehandsrøyste i den kommunen som passar best for deg.

Godt val!

Close Menu